Til hovedinnhold

Sånn kan du vurdere råvasskvalitet i overflate- og grunnvasskjelder

Her finn du kriterium du kan bruke for å beskrive miljøtilstanden til råvasskjelder ut frå omsyn til drikkevatn.

Publisert

Vassverkseigarar må kjenne tilstanden i nye og eksisterande råvasskjelder for å velje riktig vassbehandling og tilpasse ho til endringar. Men kriteria du finn her er òg eigna for alle andre som jobbar med drikkevassproduksjon og forvaltning av vatn.

Kriteria er nyttige for alle som skal vurdere råvasskvalitet

Kriteria for å beskrive miljøtilstanden til råvasskjelder ut frå omsyn til drikkevatn finn du i eitt dokument for overflatevatn og eitt for grunnvatn:

Kriteria opnar for ei einskapleg samanlikning av vassførekomstar. Dei kan vere til hjelp i alle vurderingar av råvasskvaliteten. Dei kan utgjere eitt eller fleire element i dei faglege vurderingane hos vassverkseigarar eller andre som jobbar med forvaltning av vatn. 

Kriteria er berre eigna for enkel vassbehandling

Enkel vassbehandling, som filter og eit desinfeksjonstrinn, til dømes UV, ligg til grunn for dei utvalde kriteria. Vassverkseigarar må vurdere å ta med andre kriterium viss råvatnet stiller høgare krav til vassbehandling.

Vassverkseigaren må kjenne tilstanden for å oppfylle regelkrav

Drikkevassforskrifta krev at drikkevatnet skal vere "trygt, klart og uten fremtredende lukt, smak og farge" (drikkevassforskrifta § 5). Før godkjenning av planane for eit vassforsyningssystem som produserer over 10m3 drikkevatn i døgnet, og/eller forsyner sårbare abonnentar, skal vassverkseigaren dokumentere at vassforsyningssystemet kan oppfylle desse krava. 

Ved drift krev forskrifta at ein tar prøver frå både drikkevatn og råvatn. Informasjon om råvatnet er derfor sentral både ved val og drift av vassbehandling.

Regelkrava skal sikre berekraftig bruk

Tilstanden i vassførekomstar står sentralt i vassforskrifta, den leiande forskrifta for forvaltninga av vatn i Noreg. Miljømåla i vassforskrifta skal sikre berekraftig bruk av vassressursane. Føremålet er mellom anna å beskytte drikkevassressursar som enno ikkje er tatt i bruk som drikkevasskjelde.

Bakgrunn for kriteria

Folkehelseinstiuttet (FHI) har utarbeidd kriteria for å beskrive miljøtilstanden til råvasskjelder ut frå omsynet til drikkevatn. Dei fekk oppdraget frå Mattilsynet og Miljødirektoratet. I 2021 utarbeidde FHI kriterium for å beskrive kvaliteten på overflatevatn, og i 2022 gjorde dei det same for grunnvatn. Det faglege grunnlaget for kriteria er rettleiingar frå Verdens helseorganisasjon (WHO) og EU, og anna relevant faglitteratur.