Til hovedinnhold

Godkjenning og biotryggingsplan for fartøy som behandlar eller handterer fisk om bord

I det nye dyrehelseregelverket er det krav om godkjenning for fartøy som behandlar eller handterer fisk om bord. Dette gjeld både godkjende brønnbåtar og fartøy som ikkje er godkjent for transport av fisk (t.d. avlusingslekterar og slaktebåtar som sorterer fisk om bord). I tillegg skal desse fartøya ha ein biotryggingsplan. 

Publisert

Lesehjelp: AHL Akva Fartøy som behandlar fisk

Merk: Mattilsynet kjem med meir informasjon om korleis søknad skal sendast, kva han skal innehalde og frist for å søkje.

Kva betyr nytt dyrehelseregelverk for akvakultur

For brønnbåtar som også skal ha godkjenning og regodkjenning etter transportforskrifta, vil godkjenning av transporteining og godkjenning av utstyr og rutinar for behandling og handtering av fisk blir samkøyrd så langt som mogleg.

Alle fartøy skal ha ein biotryggingsplan

Det er også nytt at alle fartøy skal ha ein biotryggingsplan det er ein dokumentert og fagleg vurdert plan som viser korleis smitte kan spreiast med aktiviteten.

Planen skal ta omsyn til særtrekka ved fartøyet og behandlinga eller handteringa. Den skal også vise kva tiltak som vil redusere dei biotryggingsrisikoane som er identifiserte.

Det skal vere ein namngitt ansvarleg for biotryggleik for kvart fartøy, og andre tilsette skal rapporterer til denne personen i spørsmål som gjeld biotryggleik.

Fartøy og utstyr om bord skal vere eigna til vask og desinfeksjon. Det skal vere rutinar for korleis vask og desinfeksjon skal skje mellom kvar fiskegruppe eller anlegg.

Dersom det blir brukt automatiserte system for reingjering og desinfisering, skal verknaden av systema validerast før dei blir tekne i bruk og deretter med passande hyppigheit.

Krav til journalføring

Det skal førast journal som dokumenterer viktige forhold

  • art, talet på og type fisk som blir behandla eller blir handtert
  • når fisk er lasta om bord og lossa frå fartøyet
  • namn adresse og godkjenningsnummer for kvart oppdrettsanlegg der fisk vart lasta og lossa
  • nærare opplysning om kvar behandling eller handtering som skjer om bord
  • biotryggingsplanen til fartøyet og dokumentasjon på at planen blir gjennomført

Dersom det er relevant

  • dato og stad for fylling av vatn og eventuelt skifte av vatn
  • nærare opplysningar om turen mellom anlegg

Regelverk

Akvabiosikkerhetsforskriften