Innrapportering av vassverksdata


Publisert 01.01.2013 | Sist endret 06.01.2017

Vassverkseigarar har ansvar for å rapportere til styresmaktene alle relevante data om vassforsyninga si, jf. drikkevassforskrifta § 25. Den årlege fristen for rapporteringa er fastsett av Mattilsynet til 15. februar kvart år.

På grunn av vedlikehald på systemet for årleg innrapportering, kan ikkje rapporteringa byrja før 1. februar 2017.

Elektronisk rapportering

For at vi skal kunne ha oversikt over vassforsyningssituasjonen i Noreg og oppfylle rapporteringsskyldnadene våre nasjonalt og internasjonalt, er det laga ei elektronisk rapporteringsløysing som gjer vassverka i stand til å registrere og rapportere data gjennom «Altinn». Dataa blir lagra i Mattilsynets tilsynssystem (MATS). Mattilsynet bruker data som ein del av tilsynsarbeidet sitt, men dei blir òg brukte i nasjonal statistikk av ulikt slag, for eksempel hos Statistisk sentralbyrå (SSB) og Nasjonalt folkehelseinstitutt (FHI) og av andre forvaltningsetatar.

Du treng desse skjemaa for elektronisk rapportering:

  • Endre informasjon om vannforsyningssystem
  • Årlig innrapportering av vannforsyningssystem

Rettleiing til utfylling av skjema for årlig innrapportering 

Rettleiing til utfylling av skjema om vassforsyning

Skjema finn du ved å logge deg inn her: Mattilsynets skjemateneste.

Vassverk kan registrerast og oppdaterast gjennom skjematenesta heile året.

Kven skal sende inn skjema for «årleg rapportering»?

Vassforsyningssystem som produserer minst 10 m3 drikkevatn per døgn skal rapportere. Vassverka må sjå til at informasjonen som blir rapportert er rett.

Korleis skal eg rapportere?

Rapporteringa skal skje elektronisk via Mattilsynets skjemateneste.

Den elektroniske løysinga krev at du loggar deg inn via ID-porten for å identifisera deg. Du vel så ansvarleg drivar, enten deg sjølv eller ein eining i Enhetsregisteret du har fått rett til å melde for hos Altinn.no. Nokon strev med å få rett rettighetar i Altinn.no til å melde inn for andre enn seg sjøl, men les da Hvordan utfører jeg en delegering? Mattilsynet lagrar opplysningar i MATS på einingane på lågast nivå i Enhetsregisteret. Når eining du vil velje ikkje er einaste eining på lågast nivå, må du hugse å merke «Vis undereiningar», rull i feltet «vis fleire» og velje den eine undereininga/verksemda som skal vera ansvarleg.

Når dette er gjort kjem du inn på «Mattilsynets skjematjeneste» kor skjemaa ligg under Andre skjema.

Dersom de har fleire spørsmål om pålogging i Altinn, kan de rette dei til Altinns brukarstøtte support@altinn.no eller på tlf. 75 00 60 00.

Det er òg laga E-læringsguidar og brukarrettleiing for Mattilsynets skjemateneste. Dette finn du på www.mattilsynet.no/skjema/ Vassverkseigarar som ikkje har tilgang til datamaskin, må ta kontakt med sitt Mattilsyn for å avklare korleis rapporteringa kan gjerast.

Kva er viktig å hugse på før rapporteringa?

  • Les rettleiinga først, slik at du veit kva for data som må vere tilgjengelege når du nyttar skjematenesta. Ei eiga rettleiing knytt til dei enkelte datafelta det skal rapporterast på, kan lastast ned på denne sida.
  • Finn fram data om vassforsyningssystemet ditt, slik at du har det klart for deg før du skal rapportere. Kanskje har du utskrift av skjemaet frå i fjor som du kan kikke på som førebuing.
  • Logg deg på gjennom Altinn med riktig verksemdsnummer. Somme kommunar eig mange vassverk, så pass på at du rapporterer for riktig vassverk.
  • Først sjekkar du om basisopplysninga om vassforsyningssystemet ditt stemmer. Oppdater med status per 31.12. Felt som av erfaring vil måtte endras kvart år er: tal på fastbuande personer som vassverket totalt forsyner, tal på  husstandar, tal på fritidsbustader, tal på fastbuande personer knyta til vassverkets eige fordelingsnett, leidningsnettets alder og materialtypar. Det er også viktig å registrere eventuelle endringar i vasskilde og/eller vassbehandlingsprosess.
  • Dersom det ikkje er riktig, bruker du skjemaet Endre informasjon om vassforsyningssystem og rettar opplysningane. Send inn skjemaet.
  • Dersom det er store endringar i vassverket, må du vente nokre dagar med årleg innrapportering. Det er fordi skjemaet du skal bruke ved innrapporteringa, blir tilpassa nettopp di vassforsyning. Dersom det skjemaet du får opp, ikkje stemmer, kan det komme av at Mattilsynet ikkje har rokke å behandle skjemaet. Ta ein telefon til lokalkontoret dersom du har problem med dette.
  • Deretter skal vassverkseigaren rapportere dei årlege dataa gjennom skjemaet Årleg innrapportering for vassforsyningssystem.

Kvalitetssikring

  • For at vi skal få innrapportert meir fullstendige data, er det i år fleire felt som det er obligatorisk å svare på. De kjem ikkje vidare utan at felta er utfylte.
  • For at analyseresultata for vasskvalitet skal kunne brukast statistisk, må alle kolonnar fyllast ut: gjennomsnitt, median, maks og min, pluss talet på avvik. Med avvik (ikkje OK ant.) meiner vi avvik i vasskvalitet frå krava i drikkevassforskrifta.
  • For at analysane “Lukt og smak” skal vere samanliknbare, må talet “1” vere beste gradering (uavhengig av analysestandarden i laboratoriet).
  • Analyseresultatet ”<1” skal førast opp i skjemaet som ”0” (det gjeld E.coli, koliforme bakteriar, intestinale enterokokkar o.l.).
  • Manglar du data, så la feltet stå tomt! (viktig).
  • Ta ein ekstra sjekk av tala, kommaplassering og nemning, slik at det blir korrekt, før du trykkjer på «Neste» og går vidare i skjemaet.
  • Opplysningane blir lagra, og registreringa kan hentast opp fleire gonger før endeleg innsending. Til slutt vil du alltid få høve til å kontrollere opplysningane før du trykkjer på knappen «Send inn».
  • Den aktuelle saksbehandlaren ved Mattilsynets kontor får då beskjed om at det er sendt inn skjema elektronisk.
  • Mattilsynet kontrollerer informasjonen og gir beskjed dersom dei finn feil eller mangelfull utfylling.

Tilgang til nøkkeltal for vassforsyninga di

Mattilsynet har lagt informasjon om mange vassverk ut som «åpne data». Vassverkseigarar og andre kan sjå på desse dataa på internettsida «Oversikt over vannverk».

Førebels nøkkeltal på kommunenivå for den kommunale/interkommunale vassforsyninga vil vere tilgjengelege på www.ssb.no/kostra ein tid etter fristen for rapporteringa. Dersom vassverkseigaren finn feil i dei rapporterte tala for eit vassverk eller ein kommune, må han først ta kontakt med Mattilsynet lokalt for å opne skjema for korrigering.

Oversikt over vassverka

Publikasjoner

Fant du det du lette etter?