Til hovedinnhold

Stemneveterinærtenesta

Stemneveterinæren er ein offentleg tilsett veterinær som fører tilsyn med reglane i offentleg regelverk for dyrehelse og dyrevelferd under totalisatorløp (pengespel ved veddeløp) for hest.

Publisert

Stemneveterinæren skal sjå hestane i rørsle før løpet, og kan mellom anna:

  • stoppe løp
  • nedleggje startforbod for enkelthestar
  • ta dopingprøver
  • utføre inspeksjon (undersøkingar, inkludert prøveuttak, baneforhold)
  • gjere enkeltvedtak innanfor området til banen

Stemneveterinæren skal også:

  • utføre nødvendig førstehjelp under løpa
  • krevje utbetring av baneforhold dersom det ikkje er dyrevernmessig forsvarleg å gjennomføre løp.

Arbeidsområdet og oppgåvene til stemneveterinæren er spesifiserte i regelverket.

Slik er veterinærane tilsette og koordinerte

Stemneveterinærane er tilsette av Mattilsynet og Mattilsynet koordinerer tenesta. Sjå kunngjeringa: Nytt gebyr for stevneveterinærtjenester (28.06.2023)

Mattilsynet, Avdeling nasjonale oppgåver hjelper avdelingane ved spørsmål om stemneveterinærtenesta. Det er oppretta eit samarbeidsutval for stemneveterinærtenesta, der det er utnemnt representantar for stemneveterinærane, representantar frå Det Norske Travselskap og Norsk Jockeyklubb.

12 travbanar og 30 veterinærar

I Noreg finst det i dag 12 travbanar og éin galoppbane der det blir arrangert løp kvar veke. I tillegg blir det arrangert sporadisk løp på lokale banar ulike stader i landet av lokale travklubbar knytte til Det Norske Travselskap (DNT).

Omtrent 30 veterinærar er tilsett som stemneveterinærar eller vikarar for desse.