Til hovedinnhold
Gå til forsida

Papegøyesjuke

Status

Det vert oppdaga nokre få tilfelle av Papegøyesjuke i Norge kvart år. Som oftast er det fugl som er innført frå andre land. 

Meld fra om smittsom dyresykdom

Ring Mattilsynet på telefon 22 40 00 00 ved mistanke om, eller påvisning av, alvorlig smittsom dyresykdom.

Hvis du har kontaktet praktiserende veterinær, vil veterinæren melde fra til Mattilsynet. I så fall trenger du ikke kontakte oss selv

Om sjukdommen

Pagegøyesjuke er ein alvorleg bakteriesjukdom hjå fjørfe. Papegøyesjuke blir og kalla for ornitose eller psittakose. Det er stort sett burfugl som papegøye, undulat og liknande som vert smitta.
 

Papegøyesjuke er ein gruppe B sjukdom. Har du mistanke om sjukdomen skal du melde frå til Mattilsynet. 

Symptom

Fuglar kan verta smitta av papegøyesjuke utan å vise symptom på sjukdom. Symptoma kan og være lite tydelige. I nokre tilfelle kan smittestoffet gje alvorleg sjukdom i luftvegar, milt, lever og mage/tarm. Det mest vanlege er at fuglane får  milde symptom frå luftvegar, diarè og ein generell nedsett allmenntilstand. Behandling er antibiotika.

Menneske får sår hals, hoste, feber, hovudverk, muskelsmerter, langvarig slapphet. Kan og gi kvalme, brekningar, diaré og magesmerter. Behandling er antibiotika. Ta kontakt med lege dersom du trur at du er smitta. Fuglen din skal og behandlast med antibiotika.

Det er vanskeleg å skilja symptoma frå dei ein ser ved andre sjukdomar. Sikker diagnose kan berre stillast ved å testa blod og organ.

Kan sjukdommen smitte til menneskjer?

Sjukdommen er ein zoonose. Det betyr at sjukdommen kan smitte frå dyr til menneske. Ein trur at burfugl over heile verda ber sjukdommen i seg. Menneske blir smitta ved å puste inn smittestoff ved nærkontakt med smitta fuglar eller avføring frå fuglane. Fuglane treng ikkje å være sjuke. Smitte mellom menneske er ikkje vanleg.