Kunngjøring

Sauebønder må fortsette å melde frå om døde sauer i sommar

Publisert 03.07.2019     Sist endret 03.07.2019

Sjølv om det ikkje vert tatt prøver av døde sauer i juli og august utanom i  kommunane rundt Nordfjella, er det likevel viktig at sauebønder melder i frå til Norsk protein når dei har døde dyr.

Mattilsynet stoppar prøvetaking i sommar sidan vi snart har fått inn nok prøver. Norsk Protein tar difor ikkje prøver. Likevel er melding om døde dyr til Norsk Protein viktig. Meldingar nytter Mattilsynet når vi kontrollerer om sauebønder følgjer regelverket for varsling av døde dyr.

I Nordfjella held prøvetakinga fram heile året sidan det i 2016 vart oppdaga skrantesjuke på eit reinsdyr. Difor er det viktig å undersøke sauene i dette området.

Du som bur i Finnmark eller på andre stader der Norsk Protein ikkje køyrer, må melde frå til Mattilsynet via dette skjemaet eller på tlf. 22 40 00 00 til din avdeling i Mattilsynet.

Fant du det du lette etter?