Mange hundar er ikkje behandla mot dvergbendelorm


Publisert 08.02.2012 | Sist endret 21.02.2013

Mattilsynet har gjennomført eit tilsynsprosjekt som viser at ein av sju hundar som kjem inn til Midt-Noreg ikkje er behandla i samsvar med regelverket. Det kan føre til at dvergbendelormen vert spreidd i norsk natur.

 Prosjektet har vore konsentrert om å finne ut om hund og katt som kjem inn til landet er behandla i samsvar med regelverket for å hindre innslepp av sjukdomar vi ikkje har i Noreg. Det gjeld då først og fremst infeksjon med dvergbendelormen, Echinococcus multilocularis, ein parasitt som også kan forårsake sjukdom hos menneske, og rabies som er ein virussjukdom der alle varmblodige dyr kan smittast, også menneske. Påvising av dvergbendelormen i Sverige i slutten av 2010 gjorde sitt til at fokuset i prosjektet vart ekstra aktualisert.

Totalt var det avvik hos 19 av i alt 105 dyr, noko som tilsvarar rundt rekna 18 %. Vurderer ein resultata i prosjektet opp mot nytt regelverk som gjeld frå 1. januar 2012, er det framleis eit avvik når det gjeld 16 dyr, dvs. omlag 15 %.

Dei nye reglane gjer det enklare å ta med seg dyr inn i Noreg, men berre om du førebur deg godt. Du har framleis ansvaret for å sørgje for at kjæledyret ditt har nødvendig ID-merking, ormekur og rabiesvaksine, før de kjem til grensa. Dei nye forenkla reglane gjeld berre privat innreise med dyr til Noreg. Du finn meir om reglane for reise med kjæledyr på www.mattilsynet.no.

Resultat frå tilsynsprosjektet

Av dei 97 dyra kontrollerte ved grensepassering, var totalt 81 utan merknad. Det var 16 innførslar som ikkje var i samsvar med regelverket. Av desse var det 15 hundar og 1 katt. 13 avvik gjaldt manglande ekinokokkosebehandling, dei resterande gjaldt manglande blodprøve for måling av antistoffnivå etter rabies-vaksine.

Av dei 8 dyra som vart kontrollerte på stader med mykje turistar var det tre med merknad. I alle desse høva var det manglande behandling mot dvergbendelormen, Echinococcus multilocularis.

Prosjektet hadde også fokus på å finne ut korleis reisande med kjæledyr hadde tileigna seg informasjon om regelverket. Der går det fram av tala på avvik (18%) at informasjonen må bli endå betre.

Kontaktinformasjon

Gunnlaug Ribe, seniorinspektør, DK Trondheim og Orkdal, tlf. 982 47 904

Publikasjoner

Fant du det du lette etter?