Kontrollprogram for importerte sjømatprodukt (2016)
I 2016 vart 131 prøver av sjømat frå land utanfor EU/EØS undersøkte for framandstoff, mikroorganismar og parasittar i overvakingsprogrammet.
- Kva blei undersøkt?
Importert sjømat frå land utanfor EU/EØS-området (131 prøver totalt)
- Tidsrom
- 2016
- Kva leita vi etter?
Uønskte stoff, mikroorganismar og parasittar.
- Kva fann vi?
Resultata viser at importert sjømat i 2016 hadde god kvalitet og var trygg. Det var få tilfelle over grenseverdiane:
- Bakterien Listeria monocytogenes vart påvist i fem av 75 undersøkte prøver: tunfisk frå Maldivane, mangrove snapper, barramundi, indisk ansjos og kvit sardin frå Sri Lanka.
- Vibrio cholerae i ei prøve av reke frå Vietnam, men bakterien var ikkje av den typen som gir smitte og sjukdomsutbrot.
- Parasittar i 31 prosent av prøvene, men desse var døde og representerte dermed ikkje ein infeksjonsfare.
- Spor av dei ulovlege fargestoffa malakittgrønt og krystallfiolett i to prøver av fisken yellowtail frå Australia.
- Kven utførte oppdraget?
Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES)
- Les rapporten
- Rapport_ Veterinær grensekontroll sjømat 2016