Trygg mat på sommaropne serveringsstader


Publisert 25.06.2014 | Sist endret 25.06.2014

Sesongopne turistverksemder i Hordaland og Sogn og Fjordane har stort sett gode rutinar for hygienisk lagring og handsaming av mat. Det er konklusjonen etter at Mattilsynet har vore på tilsyn hos 64 små og store sommaropne serveringsstader i fjor.

Alle besøkte verksemder hadde tilfredstillande oppvaskkummar og oppvaskmaskin. Servise og utstyr var reint nok. Avfall blei lagra på ein slik måte at skadedyr ikkje hadde tilgang, og det var ikkje observert spor etter mus på kjøkken. Dei aller fleste verksemdene hadde eit tilfredsstillande internkontrollsystem, men resultata syner at det er ulikt kor flinke verksemdene er å følgje eige internkontrollsystem.

52 av verksemdene blei pålagt å etablere og følgje rutinar for å kontrollere temperatur i kjøleinnretningar og i samband med varmebehandling av mat. Likeleis er vedlikehald av kjøken og reinhald før sesongstart noko verksemdene må ha fokus på.

18 av dei besøkte verksemdene har eiga vassforsyning. Ein del plassar fekk pålegg om å ta fleire vassprøvar og nokre verksemder fekk pålegg om å etablere vassbehandling.

Les meir om resultata frå rapporten i vedlegget under.

Kontaktinformasjon

Seniorinspektør Randi Øyen Afdal telefon 56 52 82 04
Seniorrådgjevar Torgeir Flatebø telefon 55 21 57 11
Seniorinspektør Grete Mollan Breisnes telefon 57 62 95 05

Publikasjoner

Fant du det du lette etter?