Lokalmat – registrering og godkjenning


Publisert 03.03.2014 | Sist endret 10.09.2014
Foto: Mattilsynet

Lukk

Primærproduksjon

Primærproduksjon er produksjon, oppdrett eller dyrking av råvarer, medrekna innhausting, mjølking og husdyrproduksjon før slakting. Jakt, fiske og innhausting av viltveksande vekstar er også omfatta.

Detaljist

Detaljist er ei verksemd som sel eller serverer direkte til forbrukar, t.d. butikk, kafe, restaurant, catering, kantine eller institusjon.

Primær-produksjon

Næringsmiddelhygieneforskrifta gjeld heile matkjeda frå jord/fjord til bord. Dersom du produserer eller haustar inn råvarer som skal brukast til mat er dette ei næringsmiddelverksemd med primærproduksjon. Denne skal vere registrert i Mattilsynet si skjemateneste. Alle som får produksjonstilskot blir automatisk registrert.

Dyrking av frukt, bær og urter, innhausting av ville vekstar som bær og sopp, fiske, slynging av honning, hald av produksjonsdyr og mjølkeproduksjon er døme på aktivitetar som vert rekna som primærproduksjon. Transport, lagring og handtering av råvarene på garden og transport til kundar er også primærproduksjon.

Det viktigaste hygieneregelverket som gjeld for primærprodusentar er næringsmiddel-hygieneforskrifta, forordning (EF) 852/204, vedlegg I, del A. I tillegg er det nokre krav i animaliehygieneforskrifta. Det gjeld levande muslingar, fiskerivarer, rå mjølk og egg. Primærprodusentar skal sikre at råvarene ikkje blir forureina og ha styring og kontroll med drifta. Det er nokre spesifikke krav til journalføring, men det er ikkje krav om HACCP-basert internkontroll.

Unntak frå krav til registrering av primærproduksjon

Du treng ikkje registrera deg dersom du berre tilfeldig leverer råvarer frå primærproduksjon direkte til sluttforbrukar. Du treng heller ikkje registrera deg dersom du som jeger berre leverer små mengder haredyr eller fuglevilt direkte til sluttforbrukar eller til lokal detaljist som omset direkte til sluttforbrukar.

Foredling og sal av ikkje-animalsk mat

Driv du med servering, gardsbutikk, produserer mat som t.d. syltetøy, saft, brød og lefser skal du registrere næringsmiddelverksemda di. Det er inga avgrensing av kven du kan selje til eller kor du kan selje. Det viktigaste hygieneregelverket står i næringsmiddelhygieneforskrifta.

Godkjenningspliktige verksemder

Driv du med produksjon av animalske matvarer er hovudregelen at verksemda skal ha godkjenning. Animalske produkt er laga av kjøtt, fisk, mjølk og egg. Sidan produksjon av animalske matvarer kan vere ein større risiko for folkehelsa skal Mattilsynet godkjenne desse verksemdene.

Når verksemda er godkjent kan du selje animalske produkt i heile Noreg og EU. Du får tildelt eit godkjenningsnummer som du må bruke i identifikasjonsmerket som alle emballerte produkt skal merkast med.

Hygieneregelverket som gjeld for animalsk produksjon er næringsmiddelhygieneforskrifta og animaliehygieneforskrifta.

Unntak frå krav til godkjenning

Det er gitt unntak frå regelen om godkjenning. Mindre verksemder kan velje ikkje å søkje om godkjenning, dersom verksemda driv i samsvar med krava lista opp under. Bakgrunnen for dette er at det vert produsert mindre mengder, produkta når fram til færre menneske, det er ofte god oversikt over distribusjonen og direkte kontakt mellom produsent og forbrukar. Ei slik verksemd er ein detaljist og du må registrere drifta.

Du treng ikkje godkjenning dersom du:

  • Berre leverer direkte til sluttforbrukar
  • Leverer til sluttforbrukar og leverer til andre detaljistar som berre leverer til sluttforbrukar og oppfyller alle desse tre vilkåra:
    1. Lokal aktivitet: Leverer til andre detaljistar i same fylke eller innanfor ein maksimal avstand på 100 km. Dersom du kan vise at naturlig område for sal går ut over desse grensene, kan du levere i eit større område.
    2. Marginal aktivitet: Leverer maks. 600 kg pr. veke (gjennomsnitt over 6 mnd. = totalt 15.600 kg) til andre detaljistar. Mengde direkte til sluttforbrukar kjem i tillegg.
    3. Avgrensa aktivitet: Leverer til andre detaljistar som leverer direkte til sluttforbrukarar. Som detaljist kan du ikkje selje animalske varer via grossist

Det er særskilte reglar for vilt, kaninar og fjørfe. Sjå side om «Lokalmat – kjøtt» for meir informasjon.

Registrering av kortvarig sal av mat

Dersom du sel eller serverer mat på messer, festivalar, bondens marknad etc. skal du registrere det i skjematenesta. Dette er ein eigen aktivitet i tillegg til dei andre aktivitetane du har. Når du har meldt om at du driv med «mobilt sal», treng du ikkje å melde frå til Mattilsynet om dei ulike plassane og tidspunkta du skal selje.

Korleis registrere eller søkje godkjenning

Mattilsynet har elektronisk system for dette, Mattilsynet si skjemateneste. Du kan starte ved å velje knappen for «Skjema» på mattilsynet.no. Sjå side om «Lokalmat – skjematenesta» for meir informasjon.

Gebyr

Du må betale gebyr for å få behandla ein godkjenningssøknad. Maksimalt beløp kjem fram før du sender inn elektronisk søknadsskjema i skjematenesta til Mattilsynet. For oppdaterte gebyrsatsar sjå lenke under. Det er ikkje gebyr for registrering av verksemd.

Les mer om:

Publikasjoner

Regelverk og veiledning

Fant du det du lette etter?