Regelverksprosess

Bestilling av risikovurdering frå VKM – Listeria monocytogenes i sushi

Publisert 14.09.2018     Sist endret 14.09.2018

Mattilsynet vil bestille ei vurdering frå Vitenskapskomitéen for mat og miljø (VKM) når det gjeld gravide og utsette grupper sitt konsum av sushi. Gjennom denne bestillinga ber Mattilsynet VKM berekne kor sannsynleg det er at gravide og utsette grupper utviklar listeriose etter konsum av sushi.

VKM sin rapport frå 2006 «Risikovurdering vedrørende Listeria monocytogenes relatert til gravides konsum av sushi», konkluderte med at det ikkje var grunnlag for å inkludere sushi laga av rå, fersk marin fisk i dei matvarene som gravide bør unngå å ete.

Sidan 2006 har forbruket av sushi auka kraftig i Noreg. I dag har vi også vesentleg meir kunnskap om førekomst av L. monocytogenes i rå fisk. På denne bakgrunn vil Mattilsynet be VKM om ei ny risikovurdering når det gjeld gravide og utsette grupper sitt konsum av sushi.

Risikovurderinga vil blir brukt til å vurdere om Mattilsynet skal oppdatere råda til spesielle grupper på www.matportalen.no.

Gangen i arbeidet går fram av tidslinja under, og den svarte boksen viser kvar vi er i prosessen.

Tidslinje for dette arbeidet:

Høring:

Mattilsynet ynskjer innspel på utkast til bestilling til VKM, «Risikovurdering av Listeria monocytogenes i sushi – gravide og utsatte grupper».

 

Høringsfrist: 09.10.2018
 

Fant du det du lette etter?