Reglar for tilsetjing av vitamin, mineral og aminosyrer i Noreg


Publisert 10.12.2012 | Sist endret 20.09.2013

Her går vi nærmare inn på det regelverket som omfattar tilsetjing av vitamin, mineral og aminosyrer til næringsmiddel, og korleis dette regelverket handsamast i Noreg.

Regelverk som omfattar tilsetting av vitamin, mineral og aminosyrer

Forskrift om tilsetjing av vitamin, mineral og visse andre stoff (forskrift om vitamintilsetning mv. til næringsmiddel) blei innførd i Noreg den 1. mars 2010.

Denne forskrifta innfører EU-forordning (EF) nr. 1925/2006 om tilsetjing av vitaminer, mineral og visse andre stoff til næringsmiddel i norsk regelverk, og stadfestar at tilsetjing av vitamin, mineral og visse andre stoff til næringsmiddel berre kan skje ved gitte vilkår.

Anna og tilgrensande regelverk vil være regelverket for ny mat, for kosttilskot og for næringsmiddel til bruk for personar med spesielle ernæringsmessige behov. Det generelle merkeregelverket og regelverket for bruk av ernærings- og helsepåstandar om næringsmiddel gjeld også for næringsmiddel som er tilsatt næringsstoff.

Les meir om dette andre stader på mattilsynet.no. 

Norsk søknadsplikt for vitamin, mineral og aminosyrer

Den norske forskrifta stadfestar at tilsetjing av vitamin, mineral og aminosyrer til næringsmiddel er forbode, med mindre Mattilsynet har gitt særskilt løyve til slik tilsetjing. Norske verksemder som ønskjer å tilsetje slike næringsstoff til mat- og drikkevarer, eller som ønskjer å importere slik mat, må søkje Mattilsynet om løyve.  

Det er Mattilsynet som behandlar søknadar om løyve til å tilsetje vitamin, mineral og aminosyrer til næringsmiddel.

Les meir om Risikovurdering og behandling av søknadar

Vitamin og mineral

Den nasjonale søknadsplikta for vitamin og mineral vil vidareførast inntil EU har vedteke felles maksimumsgrenser for kor mykje vitamin og mineral næringsmiddel kan innehalde etter tilsetting.

Alle vitamin og mineral, med unntak av natrium og kalium, er omfatta av søknadsplikta.

Aminosyrer

For aminosyrer er det ikkje stadfesta tidspunkt for eventuell oppheving av den norske søknadsplikta.

Det er dei 20 «vanlege» aminosyrene og taurin som er omfatta av søknadsplikta.

Kva søknadsplikta omfattar

Søknadsplikta gjeld både ved direkte tilsetting eller når ein av ingrediensane i næringsmiddelet er tilsatt eit næringsstoff som er omfatta av søknadsplikta.

Det er gitt nokre unntak frå søknadsplikta for vitamin A, vitamin D, jern og jod. For kosttilskot gjeld søknadsplikta berre for aminosyrer, då tilsetjing av vitamin og mineral er regulert i sjølve forskrifta for kosttilskot.

Næringsmiddel som er omfatta av regelverket for næringsmiddel til bruk ved spesielle ernæringsmessige behov er ikkje omfatta av søknadsplikta.

Les meir om Søknadsplikt for tilsetting av vitaminer, mineraler og aminosyrer

Særskilde vilkår ved tilsetting av vitamin og mineral

Sjølv etter at det er gitt løyve, kan tilsetjing av vitamin, mineral og visse andre stoff til matvarer berre skje om vilkåra i EU-forordninga om tilsetting av vitamin, mineral og visse andre stoff til næringsmiddel (innførd i norsk regelverk gjennom forskrift for vitamintilsetting mv. til næringsmiddel) er oppfylt. Det er til dels ulike reglar for vitamin og mineral og det som omtalast som «visse andre stoff».

For vitamin og mineral inneber krava at det berre er dei vitamina og minerala som er lista opp i vedlegga til regelverket som er tillatne å tilsetje til næringsmiddel.

Forbod

Det er forbod mot å tilsetje vitamin og mineral til

  • Ubearbeidde næringsmiddel, inkludert men ikkje avgrensa til frukt, grønsaker, kjøt, fjørfe og fisk
  • Drikkevarer som inneheld meir enn 1,2 volumprosent alkohol (med visse unntak som er nærare omtalt i forordninga)

Merking

Ved tilsetjing av vitamin og mineral utløysast krav om lang næringsdeklarasjon. Det skal og opplysast om innhaldet av den totale mengda av kvart vitamin og mineral.

Det er også eit krav at merking, marknadsføring og reklame ikkje på nokon måte skal angi eller gi inntrykk av at eit allsidig og variert kosthald ikkje kan gi tilstrekkelege mengder næringsstoff.

Det presiserast også at merkinga, marknadsføringa eller reklamen ikkje skal villeie eller skape forvirring for forbrukaren kva angår den eventuelle næringsverdien næringsstofftilsettinga tilfører næringsmiddelet.

Les meir om

Minimums- og maksimumsgrense for tilsetting

I tråd med regelverket for merking, skal næringsmiddelet minimum innehalde ei betydeleg mengd av det tilsette næringsstoffet. I dei fleste tilfelle føljer denne betydelege mengda definisjonen av betydeleg mengde i regelverket for næringsdeklarasjon.

Regelverket inneheld også vilkår om at den totale mengda vitamin eller mineral i ei matvare ikkje kan overstige ei viss maksimumsgrense.

Det er enno ikkje fastsett slike felles maksimumsgrenser i EU for innhald av vitamin og mineral i næringsmiddel. Derav den norske søknadsplikta. Når maksimumsgrensene er bestemt og innlemma i det norske regelverket, vil Mattilsynet innføre meldeplikt for produkta som omfattast av EU si forordning om tilsetting av vitamin, mineral og visse andre stoff til næringsmiddel.  

Desse reglane om vitamin og mineral gjeld ikkje for kosttilskot.

Visse andre stoff

”Andre stoff” er alle andre stoff enn vitamin og mineral som har ernærings- eller fysiologisk effekt og som kan tenkast tilførde næringsmiddelet. Andre stoff kan for eksempel vere planter/urter, aminosyrer, ulike enzym og koffein.

Dersom det blir identifisert helserisiko ved bruk av eit stoff skal det anten gis forbod mot tilsetting, eller det skal påleggast restriksjonar ved bruk i næringsmiddel. Slike stoff skal førast på ei liste i forordningas vedlegg 3. Det er so langt ikkje oppført nokre stoff i vedlegg 3.

Reglane om andre stoff gjeld for alle næringsmiddel, også for kosttilskot.

Kvar i regelverket du finn det som er omtalt i denne artikkelen:

  • Den norske søknadsplikta er stadfesta i forskrifta for vitamintilsetting mv. til næringsmiddel § 4 (vitaminer og mineraler) og § 6 (aminosyrer).
  • Reglane som seier kva for vitamin og mineral, og dei særskilde forbindelsane av desse som kan brukast ved tilsetting til næringsmiddel er gitt i EU-forordninga om tilsetting av vitamin, mineral og visse andre stoff artikkel 3 og vedlegg 1 og 2.
  • Reglane for kva type næringsmiddel som aldri kan tilsetjast vitamin og mineral er gitt i artikkel 4 i EU-forordninga.
  • Vilkåra for korleis Europakommisjonen skal fastsetje maksimumsgrenser står i artikkel 6 i EU-forordninga.
  • Reglane som omfattar minste mengde tilsetning omtalst i artikkel 6(6) i EU-forordninga.
  • Merkereglane for vitamin og mineral er gitt i artikkel 7 i EU-forordninga.
  • Føresegnene for «visse andre stoff» er omhandla i artikkel 8 i EU-forordninga.

Forskrift om tilsetning av vitaminer, mineraler og visse andre stoffer til næringsmidler

Fant du det du lette etter?