Risikovurdering og behandling av søknadar; vitamin og mineral


Publisert 10.12.2012 | Sist endret 29.11.2017

Eit høgt inntak av vitamin og mineral kan ha negative helsemessige konsekvensar, sjølv om tilsetjing av vitaminer og mineraler til matvarer i visse tilfelle kan bidra til å hindra mangelsjukdommar.

Innan EØS-området er reglane for å tilsette vitamin og mineral til matvarer harmonisert gjennom Forordning (EF) 1925/2006 om tilsetting av vitamin, mineral og visse andre stoff til næringsmiddel. I avgjerder i EF-domstolen er det bestemt at det førebels er høve for medlemsstatane å vidareføre nasjonale føresegner for tilsetting av vitamin, mineraler og visse andre stoff til matvarer. Dette blant anna fordi det gir myndigheitene moglegheit til å vurdere om slik tilsetjing kan ha helsemessige negative konsekvensar for heile eller delar av befolkninga. I Noreg gjærast dette via ei søknadsplikt.

Risikovurdering i VKM

Det er Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) som skal gjere risikovurderingar for Mattilsynet når det gjeld spørsmål om maten er trygg eller ikkje, og det er deira kompetanse vi nyttar ved behandling av søknader om løyve til å tilsette vitamin og/eller mineral til næringsmiddel.

Når det gjeld tilsetjing av vitamin og mineral har VKM omarbeidd ein dansk modell for vurdering av søknader om tilsetjing av vitamin og mineral til matvarer til norske forhold. Denne heiter ”Modell for vurdering av berikingssaker” og ligg tilgjengeleg på www.vkm.no.   

Modell for vurdering av tilsetting av vitamin og mineral

Modellen er basert på inntak av vitamin og mineral og energi frå vanleg mat og drikke hos 95-persentilen i ulike aldersgrupper. Desse berekningane tar utgangspunkt i kosthaldsdata frå dei store nasjonale kosthaldsundersøkingane for vaksne (Norkost 3, 2010-11), barn og unge (Ungkost, 2000), 2-åringar (Småbarnskost, 2007) og spedbarn (Spedkost, 2006-2007). Det gjennomsnittlege inntaket av vitamin og mineral frå kosttilskot (blant dei som bruker tilskot) adderast so til inntaket av vitamin og mineral frå vanleg mat og drikke hos 95-persentilen. Summen av inntaket av vitamin og mineral frå mat og kosttilskot blir trekt frå det tolerable øvre inntaksnivået for dei respektive vitamina og minerala, og resultatet blir da den maksimumsmengden som kan tilsettes mat og drikke. Denne maksimumsgrensa blir fordelt på energiinntaket til 95-persentilen hos dei respektive aldersgruppene. På den måten blir det synliggjort kva for ein aldersgruppe som er mest sårbar for å overskride dei øvre tolerable inntaksnivåa for dei ulike vitamina og minerala.

I modellen er det utarbeidd fleire tabellar som viser maksimumsmengdene for tilsetjing av dei vitamina og minerala som er omfatta av modellen. Oppsummeringstabellen er attgjeven nedanfor. Modellen vart først utarbeidd i 2006. Den er revidert i 2013. Mattilsynet brukar verdiane i modellen frå 2013 som utgangspunkt for handsaming av søknadar frå januar 2013.

Tabell: Maksimum mengde næringsstoff som etter godkjenning av søknad kan tilsetjast per 100 kcal matvare, slik den er omarbeidd til norske forhold av Vitskapskomiteen for mattryggleik (publisering 2006).

Modell for vurdering av tilsetting av vitamin og mineral:

NæringsstoffMaks 2006Maks 2013Tilsetning
Vitamin A (retinol)0µg/100kcal
β-caroten0µg/100kcal 

Vitamin D

1,1 2µg/100kcal 
Vitamin E 17 28mg/100kcal 
Vitamin B1 (tiamin) 2,5 4mg/100kcal 
Vitamin B2 (riboflavin) 1,7 3mg/100kcal 
Niacin 24 43mg/100kcal 
Vitamin B6 (Pyridoksin)0,61 1mg/100kcal 
Folat20 53µg/100kcal 
Vitamin B12 99 173µg/100kcal 
Pantotensyre9,1 16mg/100kcal
Biotin43 76µg/100kcal 
Vitamin C24mg/100kcal 
Kalsium18 49mg/100kcal 
Magnesium0mg/100kcal 
Jern0mg/100kcal 
Sink0mg/100kcal 
Kopper0mg/100kcal 
Selen 1µg/100kcal 


Du finn meir informasjon om berikingsmodellen ved å lese sjølve vurderinga av modellen på www.vkm.no ved å søkje på ”vurdering av dansk modell for risikovurdering av berikingssaker”.

Den første versjonen av modellen vart ferdigstilt i 2006. Den nyaste versjonen av modellen er publisert i byrjinga av 2013.

Behandling av søknader i Mattilsynet

Mattilsynet følgjer ein praksis som sikrar at befolkninga ikkje påførast skader som følgje av at visse vitamin og/eller mineral blir tilsett i maten. Den enkelte matvara kan derfor ikkje vurderast isolert, men må blant anna også sjåast i samanheng med kor mykje ein får av det einskilde vitaminet eller mineralet frå andre matvarer og vitamin/mineraltilskot. Mattilsynet finn at desse forholda er ivaretekne i ”Modellen for vurdering av tilsetting av vitamin og mineral" og brukar difor denne til vurdering av søknader om tilsetjing av vitamin og mineral til næringsmiddel.

Mattilsynet gjer ei vurdering av dei helsemessige konsekvensane av kvar enkelt søknad. For vitamin og mineral tar Mattilsynet utgangspunkt i dei maksimalverdiane som er fastsatt i modellen i dette arbeidet. Sjå tabellen. Eit visst skjønn utøvast likevel og Mattilsynet vil i nokre få tilfelle fråvike maksimalverdiane i samletabellen, og kan til dømes heller bruke maksimalverdiar for einskilde aldersgrupper der dette er meir aktuelt.

I nokre tilfelle legg vi også vekt på at ein lettare kan kome til å få i seg store mengder av eit næringsstoff frå drikke enn frå fast føde.

Lettprodukt

Modellen relaterer seg til energiinnhaldet i matvarene. I følgje Mattilsynet sin praksis vil nokre matvarer som er energireduserte eller som inneheld lite energi vurderast med utgangspunkt i sine analoge ikkje-lettprodukt. Dette gjeld i første hand drikker som er søta med kunstig søtstoff.

Sjå tabellen ovanfor og artiklane  Søknadsplikt for tilsetting av vitaminer, mineraler og aminosyrer og Retningslinje - hva skal søknaden om tilsetting inneholde?

Fant du det du lette etter?