Tilsyn med små vassverk i Rogaland og Agder 2007


Publisert 26.11.2007 | Sist endret 26.11.2007

Smått er ikkje alltid godt. Det viser ei regional tilsynskampanje på små vassverk. Dårlegast ut kommer små private vassverk. Undersøkinga blei gjennomført i Rogaland og Agder-fylka i perioden juni-oktober i år. Kampanjen viser at over halvparten av dei undersøkte vassverka har eit eller fleire klare avvik frå drikkevassforskrifta.

Dei ikkje godkjenningspliktige vassverka har fleire avvik enn dei godkjenningspliktige. Og dei private vassverka har fleire avvik enn dei kommunale. Manglande internkontroll og beredskapsplanar og manglande desinfeksjon og plan for vassanalysar er dei vanlegaste avvika.

 

Risiko for sjukdom

 

Mange merknader betyr likevel ikkje at vann frå vassverka med klare avvik er helseskadelig. Men disse vassverka utsetter konsumentane for unødig risiko når dei ikkje har forskriftsmessig styring og kontroll over verksemda. Ved uforutsette hendingar er det meir sannsynlig at folk blir sjuke av drikkevatnet. Parasitter, bakteriar og virus kan komme i drikkevatnet via forureining frå kloakkvann eller overflateforureining frå gjødsel frå husdyr og ville dyr og fuglar. Vanlegaste sjukdom er forbigåande mage/tarmsjukdom.

Vassverket sitt ansvar

- Det er vassverka som har ansvar for at abonnentane får trygt drikkevatn, seier regiondirektør i Mattilsynet for Rogaland og Agder, Ole Fjetland. Mattilsynet vil så langt ressursane rekker følgje opp rettleiing og påbod som er gitt under kampanjen for å sjå til at dei alvorlegaste manglane er blitt utbetra.

Rapport fra regional tilsynskampanje drikkevann 2007 

Fant du det du lette etter?