Produktet skal ikkje spreie smittestoff som forårsakar fiskesjukdommar
Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) har vurdert bruk av fiskeslam som gjødselvare. Dei har konkludert med at bruk av uhygienisert fiskeslam kan føre til spreiing av smittestoff som forårsakar fiskesjukdommar.
Fiskeslam må behandlast slik at det ferdige gjødselproduktet ikkje inneheld smittestoff som kan spreie seg vidare. Fiskeslam er ikkje omfatta av animaliebiproduktregelverket, og difor vil ikkje ei godkjenning av anlegget etter animaliebiproduktregelverket vere tilstrekkeleg for å sikre at ein gjødselvare som inneheld fiskeslam, er fri for sjukdomsframkallande smittestoff for fisk.
Gjødselvareforskrifta krev at råvarer med smitterisiko skal gjennomgå ei smittereduserande behandling. Forskrifta har ikkje konkrete krav til korleis den smittereduserande behandlinga skal gjerast. Verksemdene kan sjølv velje metode, men dei må dokumentere at hygieniseringsmetoden er effektiv for å fjerne smittefare. Vurderingar og dokumentasjon skal vere i samsvar med krava til validering (sjå neste kapittel).
Veterinærinstituttet har gjort ei vurdering av hygieniseringsmetodar i biogassanlegg. Dei har konkludert med at ei varmebehandling ved 75 °C samanhengande i 60 minutt som ei forbehandling i biogassanlegg, vil vere ei tilstrekkeleg smittereduserande behandling av fiskeslam i forhold til smittestoff som kan forårsake sjukdommar hos fisk. Mattilsynet meiner derfor det ikkje er naudsynt å gjennomføre valideringsforsøk viss ein nyttar ei slik behandling.
Gjødselvareregelverket har generelle krav til prøvetaking for å sikre at produkta ikkje spreier sjukdomssmitte og frø. I den daglege drifta skal det takast analysar av E.coli etter hygieniseringstrinnet. I tillegg skal ikkje den ferdige gjødselvara innehalde Salmonella, spiredyktige frø og andre plantedelar. Verksemda skal vurdere kor ofte det skal takast analysar av frø og mikrobiologiske parameterar som ein del av internkontrollen. Les meir i Veileder for prøvetaking av slam, kompost og andre avfallsbaserte gjødselvarer.
Dersom biogassanlegg som nyttar fiskeslam, også tek imot uhygienisert husdyrgjødsel som ikkje gjennomgår ein smittereduserande behandling i anlegget, vil blandinga med husdyrgjødsel føre til at bioresten blir definert som uhygienisert, sjølv om fiskeslammet er hygienisert. Det er ikkje tillate å flytte ein slik biorest over fylkesgrensa viss ein ikkje har eit særskilt løyve til det.