Til hovedinnhold

Karenstid ved flytting av storfe, svin, lama, alpakka og andre dyr i kamelfamilien

For å førebyggje spreiing av sjukdom hos dyr er det innført karenstid/ventetid ved flytting mellom anlegg for dei følgjande artane: Storfe, svin, lama, alpakka og andre dyr i kamelfamilien

Fagleg oppdatert

Krav til eigenerklæring

Viss du skal selje eller av andre grunnar flytte storfe, svin eller kameldyr frå anlegget ditt til eit anna anlegg med dyr, må du fylle ut ei eigenerklæring før du kan flytte dyret/dyra. Eigenerklæringa skal stadfeste at

  1. dyra i anlegget ditt ikkje har vist teikn på smittsam sjukdom dei siste 14 dagane.
  2. dyra som skal flyttast har opphalde seg i anlegget ditt i meir enn 30 dagar. Det er unntak frå dette kravet for dyr som er fødd i anlegget ditt, og som har opphalde seg der sidan dei blei fødde.
  3. du dei siste 14 dagane ikkje har fått storfe, svin og dyr frå kamelfamilien
    • frå andre anlegg
    • frå fellesbeite 
    • som har delteke på dyresamlingar (til dømes fesjå eller dyrskue)

Eigenerklæringa som stadfestar dette, skal følgje dyra du sel/flyttar til nytt anlegg. Eigenerklæringa må vere maksimalt sju dagar gammal når du flyttar dyra.

Dyrehaldet som får dyra, skal oppbevare eigenerklæringa så lenge som du må oppbevare dyrehaldjournalen:

  • For storfe, småfe, lama, alpakka og andre dyr i kamelfamilien skal journalen oppbevarast i 10 år
  • For svin skal journalen oppbevarast i 5 år.

Unntak for dyr som skal til og frå beite

Mange har behov for å sende dyra sine på beite. Dersom du skal sende dyra dine på beite, til fellesseter, til slakt eller til ei dyresamling, treng du ikkje oppfylle krava lista opp ovanfor.

Unntak for lama, alpakka og andre dyr i kamelfamilien til bedekking

Viss du skal bedekkje lama, alpakka og andre dyr i kamelfamilien, treng du ikkje oppfylle punkt 2 og 3 i lista ovanfor.

Føresetnaden er at sjølve bedekkinga ikkje går føre seg i anlegget ditt. Paringa må då gå føre seg på ein stad som er smittemessig skild frå dyr i anlegget ditt.

I tillegg må dyra som blir flytta for bedekking ha ein veterinærattest. Veterinærattesten skal stadfeste at dyra som skal flyttast ikkje viser teikn på smittsam sjukdom. Attesten må vere maksimalt sju dagar gammal, og du må oppbevare han i 5 år.

Unntak for flytting av svin

Punkt 3 ovanfor treng ikkje vere oppfylt dersom du skal

  • flytte purker innanfor ein purkering
  • flytte svin frå anlegg som dei siste 6 månadene berre har fått dyr frå eitt anna anlegg. Føresetnaden er at dyra må transporterast direkte frå avsendar til mottakar utan å komme i kontakt med dyr frå andre anlegg.

Regelverk

Landdyrforflytningsforskriften

Landdyrsporbarhetsforskriften