Til hovedinnhold

Nasjonale mål for vatn og helse

Noreg har sett mål for betre vasskvalitet under protokollen for vatn og helse, som er ein internasjonal avtale. Målet er at drikkevatnet vårt skal vere trygt.

Publisert

Drikkevatnet i Noreg er trygt, men vi har utfordringar.

I Noreg tek vi det for gitt at vatnet i krana er reint og trygt. Dei aller fleste er knytt til eit vassforsyningssystem som leverer trygt drikkevatn. Likevel blir det registrert hendingar og utbrot av sjukdom som kan kome frå drikkevatnet kvart år. Det er vanskeleg å seie nøyaktig kor mange sjukdomstilfelle det gjeld. Truleg er det relativt få, men det er uansett viktig å redusere talet.

Den største utfordringa for drikkevatnet i Noreg er distribusjonssystemet. Vassrøyra våre er gjennomgåande gamle, og utskiftinga går sakte. Ein av tre liter produsert drikkevatn forsvinn i lekkasjar og når aldri abonnenten. Hol i røyra kan òg gjere at ureinske blir sogen inn.

Protokollen om vatn og helse er ein internasjonal avtale

Avtalen har bakgrunn i FN sin vasskonvensjon frå 1992. Konvensjonen skal styrke tiltaka for vern av overflate- og grunnvatn. Som medlem av FN er Noreg forplikta til å følge vasskonvensjonen.

Protokollen vart fastsett i 1999. Målet er å sikre folket trygg tilgang til nok og trygt drikkevatn og tilfredsstillande sanitære forhold. Noreg ratifiserte avtalen i 2004 og har dermed plikt til å følge han, i lag med mange andre nasjonar.

Noreg har sett seg konkrete mål

Protokollen seier at kvar av partane skal setje nasjonale mål for å betre forholda innan både vatn og avløp. I tillegg skal vi halde oversikt over framdrifta. Meininga er å auke medvitet kring utfordringar og kva tiltak som er naudsynte. Planen skal òg gjere at ansvarlege sektormyndigheiter samarbeider. Regjeringa vedtok mål for Noreg i 2014, saman med ein plan for måloppnåing. Sjå Nasjonale mål for vann og helse 2014 (PDF)

For å måle framgangen må partane samle inn relevante data. Den årlege rapporteringa frå vassverkseigarane til Mattilsynet er ein viktig del av dette. Kvart tredje år blir statusen rapportert til sekretariatet i UNECE/WHO-Europe. Etter kvart som måla blir nådd, må landa setje nye mål.

Helse- og omsorgsdepartementet har laga ein gjennomføringsplan for sitt ansvarsområde. Mattilsynet er det sentrale direktoratet og koordinerer rapporteringa til sekretariatet. Andre involverte er mellom anna Folkehelseinstituttet (FHI) og Miljødirektoratet.

Dei nasjonale måla gir rettleiingar til vassverkseigarane

Saman med regelverket for drikkevatn gir dei nasjonale måla rettleiingar for arbeidet med å levere trygt og nok drikkevatn. I praksis tyder det at vassverkseigarane må fokusere på område som er peika ut som særleg viktige. Døme er leveringstryggleik og utbetring av vassrøyr. Det er òg gjeve rettleiingar for avløp og avløpsslam. Dei fleste kommunane våre leverer både vass- og avløpstenester.

Mattilsynet styrer utviklinga gjennom tilsynsfokuset sitt.

Les meir om tilsyn med drikkevatn

Trygt drikkevatn er viktig for folkehelsa

Trygg levering av trygt drikkevatn er viktig. Betre vatn, sanitærforhold og hygiene kan redusere diarésjukdommar og andre vassrelaterte sjukdommar mykje. Situasjonen i Europa er god i mange område, medan mange framleis har store utfordringar.

  • Meir enn 40 prosent av befolkninga på landsbygda i Aust-Europa bur i bustader utan trygg drikkevassforsyning (tal frå 2015).
  • Av 912 millionar menneske i WHOs europeiske region lever meir enn 67 millionar utan tilstrekkelege sanitære forhold. 19 millionar har ikkje tilgang til ei trygg drikkevasskjelde.
  • Det er store skilnader mellom by og land. 62 prosent av befolkninga på landsbygda i nokre område har ikkje innlagt vatn. I byar og tettstader er tilsvarande andel 10 prosent.
  • Det er rekna med at 14 daglege dødsfall i Europa kjem av diaré som følge av ureint drikkevatn og manglande sanitære forhold.
  • I WHO sin europeiske region vart det rapportert 470 000 tilfelle av vassrelaterte sjukdommar i 2010, mellom anna campylobakteriose, viral hepatitt A, giardiase, shigellose (dysenteri), legionellose, kolera og sjukdom som følge av E. coli-infeksjon. Mange tilfelle, men ikkje alle, kjem av ureint drikkevatn og dårlege sanitære forhold.

Opplysningane er henta frå WHO (who.int)

Møte og internasjonalt arbeid i samband med protokollen finn du på sidene til United Nations Economic Commission for Europe.

Se også: Protocol on Water and Health (PDF)