Salmonellose påvist hos storfe i Sogn og Fjordane


Publisert 02.12.2016 | Sist endret 02.12.2016

Det er påvist Salmonella diarizonae i ei avføringsprøve frå ei kvige i ein kjøtfebuskap i Sogn og Fjordane.

Buskapen  som er ramma har kjøttfe og rundt 200 vinterfôra søyer.

Bakterien vart funne etter at privatpraktiserande veterinær tok prøve av ei kvige som hadde blodig diare. Ingen andre dyr i buskapen har synt tilsvarande symptom.

Mattilsynet har sett i verk restriksjonar på garden, og tek fleire prøver for å kartlegge omfanget.

Første funnet i år

Talet på salmonellasmitta dyr i Norge er svært lågt, men det vert av og til påvist ved klinisk mistanke og i samband med prøvetaking i overvakingsprogrammet for Salmonella (Veterinærinstituttet). Påvisinga i denne buskapen er det første positive funnet  på storfe i 2016.

I 2015 blei Salmonella Typhimurium påvist i to mjølkebuskapar i Nordland og ein i Møre og Romsdal, ref. Veterinærinstituttet.

Ulike typar Salmonella

Det er fleire variantar av Salmonella, og av desse er Salmonella Typhimurium den mest vanlege som vert påvist hos dyr i Norge. Salmonella Typhimurium er også en vanlig årsak til salmonellainfeksjoner hos menneske.

Salmonella diarizonae serovar 61 : k : 1,5,7, som er påvist denne gongen, er rekna som ein type som går mest på sau og har vore påvist i enkelte regionar i Norge.

Svært sjelden hos menneske

Salmonella diarizonae vert svært sjeldan påvist som årsak til infeksjonar hos menneske. Hos sau er Salmonella diarizonae også sjeldan årsak til kliniske symptom, men bakterien er isolert ved abort, dødfødslar og diaré hos sau.

Salmonella er ein meldepliktig sjukdom, og Mattilsynet vil gjere naudsynte tiltak for å hindre vidare smitte.

Kontaktinformasjon

Terje Ramstad, seniorinspektør, avdeling Sunnfjord og Sogn, tlf. 22778988, mobil 97150206

Fant du det du lette etter?