Til hovedinnhold

Brønnbåtar som fraktar reinsefisk, skal vaskast før kvar enkelt transport

Brønnbåtar skal tømmast, vaskast og blir desinfiserte før kvar enkelt transport av reinsefisk til matfiskanlegg. Derfor er det ikkje tillate å dra frå setjefiskanlegg for reinsefisk til fleire eller mange matfiskanlegg for laks på same tur.

Publisert

Prinsippet som gjeld for levering av reinsefisk frå settefiskanlegg er " "éin leveranse – eitt matfiskanlegg".

Hovudregelen er at det at det skal vere vask og desinfeksjon før kvar enkelt transport. Båten skal vere tømd før dette blir gjennomført.

Bakgrunnen for regelen i § 20 i transportregelverket er at det utgjer ein smitterisiko dersom det går føre seg leveransar av reinsefisk til fleire matfiskanlegg på same tur.

Du kan ikkje få dispensasjon frå regelen.

Mattilsynet følgjer opp med varsel om vedtak og vedtak dersom vi avdekker brot på regelen.

Regelverk

Forskrift om transport av akvakulturdyr