Til hovedinnhold

Kva er eit plantesunnheitssertifikat?

Hovudregelen er at alle planter og andre smitteberande emne som blir importerte skal følgjast av eit plantesunnhetssertifikat. 

Publisert

Plantesunnheitssertifikat er eit offisielt dokument som plantehelsetenesta i eksportlandet skriv ut ved eksport av planter med meir.

Dokumentet blir skrivi ut til plantehelsemyndigheta i mottakarlandet, og det bekreftar at myndigheitene i eksportlandet går god for at plantematerialet oppfyller dei plantehelsekrava som mottakarlandet har.

Plantesunnheitssertifikat (engelsk: Phytosanitary Certificate) er eit internasjonalt anerkjent dokument som blir brukt av land som er tilslutta IPPC-konvensjonen ved handel med planter og andre produkt som kan føre med seg smitte av planteskadegjerarar.

Plantesunnheitssertifikatet inneheld opplysningar om sendingas innhald og mengde, kven som er avsendar og mottakar, kva type behandling plantematerialet eventuelt har gjennomgått, med meir.

Det finst to variantar av sunnheitssertifikatet. Det ein sertifikatet blir brukt ved eksport og det andre ved reeksport. Med reeksport meiner vi at innhaldet i sendinga opphavleg kjem frå eit anna land enn avsendarlandet.

Kva varer som skal ha sertifikat, finn du i vedlegg 5a i forskrift om plantehelse. 

International Plant Protection Convention (IPPC-konvensjonen)

Regelverk

Forskrift om plantehelse