Skip to main content
Klagesak

Avslag på søknad om etablering av settefisk-, matfisk- og stamfiskanlegg ved nasjonalt laksevassdrag

Beskyttelsesregimet for nasjonale laksevassdrag og laksefjordar skal sikre villaksen særlig særleg beskyttelse. Klagesakseininga kom til at etablering av anlegget, ville innebera ein «uakseptabel risiko for spredning av sykdommer, jf. dyrehelseforordningen.

Publisert
Avgjort dato
Saksnummer
2020/073151 og 2020/194837
Resultat
Ikke medhold

Bakgrunn

Sakene omhandla søknader om etablering av settefisk-, matfisk- og stamfiskanlegg ved nasjonalt laksevassdrag. Regionen avslo søknadane, og i desember 2021, avviste klagesakseininga klagen på avslaget på matfiskanlegget. Etter klage, oppheva Nærings- og fiskeridepartementet Mattilsynet sitt vedtak om avvising, og sendte saken tilbake for endeleg realitetsbehandling i januar 2024. 

Vurdering

Villaksen i Noreg har eit særskilt vern. Dette går fram av både forskrift om beskyttelse av laksebestandar samt føringar frå Stortinget, jf. St. prp. nr. 32 (2006-2007). Her står det mellom anna at myndigheitene ikkje kan tillate etablering av oppdrettsanlegg dersom det er risiko for spreiing av fiskesjukdomar til vassdraget på ein slik måte at det kan påføre villaksen skade. 

Selskapet hadde lagt fram ein beredskapsplan og risikoanalyse der det var skildra fleire gode tiltak som ville redusere risikoen. Samtidig var det usikkerheit knytt til korleis dette ville fungere, og mellom anna risiko for teknisk svikt. 

Med omsyn til dei risikoreduserande tiltaka som var planlagt innført, kom klagesakseininga likevel til  at sannsynet for spreiing av fiskesjukdomar var for høg. Ei etablering av anlegga ville medføre risiko for spreiing av fiskesykdommer til vassdraget på en slik måte at det kan påføre skade på villaksen.  

  

Konklusjon

Ei etablering av anlegget ville innebære ein «uakseptabel risiko for spredning av sykdommer», jf. dyrehelseforordningen artikkel 181 nr. 1.  Klagesakseininga avslo difor søknadane.  

 

Du kan be om innsyn i sakene via einnsyn 2020/73151 og 2020/194837

Regelverk

Matloven - matl

Dyrehelseforskriften

Forskrift om beskyttelse av laksebestander