Til hovedinnhold

Hårfarge

Dei fleste hårfargar inneheld fargestoff som i sjeldne tilfelle kan gi alvorlege allergiske reaksjonar.

Publisert

Stoff som kan gi allergi, skal merkast med åtvaringstrekant og åtvaringstekst om at dei kan forårsake allergi. Produkt med desse stoffa er ikkje berekna for personar under 16 år.

Sidan 2003 har det gått føre seg eit større arbeid innan EU, der målet er å opprette ei positivliste for hårfargestoff. Dette vil bety at berre stoff som er oppførte på denne lista vil bli tillate. Stoffa på lista er vurderte av EUs vitskapskomité og skal vere trygge i bruk. Mattilsynet deltar i dette arbeidet.

I tillegg inngår tilsyn med hårfargeprodukt som ein viktig del av Mattilsynets ordinære tilsyn. 

Fargestoff som er vurdert, finn du i lista under "Regelverk", med reglane for bruk og krava til merking.

Hårfarge - analyse og merkevurdering (OK-rapport, 2017)

Regelverk

Forordning (EF) nr. 1223/2009, vedlegg III