Til hovudinnhald

Helsefarlege stoff i hudbleikjemiddel

I EU og Noreg er det ikkje tillate å omsetje hudkremar (inkludert hudbleikjekremar) som inneheld kvikksølv, hydrokinon eller steroid (glukokortikoider).

Publisert

Mattilsynet tilrår at ein sjekkar ingredienslistene for kvikksølvklorid, kvikksølv og hydrokinon (1,4-Dihydroxybenzene). Har ikkje produktet ei ingrediensliste, så er produktet av den grunn forbode.

Bruk av slike produkt medfører stor helserisiko. Produkta finst som tubar, boksar eller såpar, og blir oftast omsette i frittståande daglegvarehandel eller butikkar utan kjedetilknyting (kosmetikkutsal, klesbutikkar, møbelbutikkar, barbershop, diverse salongar, matbutikkar osb.).

Helseskadelege stoff funne i hudbleikjemiddel

Kvikksølv

Kvikksølv blir tilsett i mange hudbleikingsprodukt for å fjerne pigmentsflekker, frekner, kviser, rynker og akne. Kvikksølv blir teke opp i huda og kan forårsake alvorleg helseskade - i tillegg til å skade huda kan kvikksølv også skade nyrene og nervesystemet. Ein treng ikkje bruke produktet sjølv for å bli påverka, spedbarn og små barn kan få i seg kvikksølv gjennom kontakt med foreldre som bruker slike produkt.

Hydrokinon

Hydrokinon blir nytta i hudbleikjemiddel for å minske utsjånaden av frekner, aldersrelaterte pigmentsflekker ("leverflekker"), flekker etter kviser og mørke sirklar under auga. Hydrokinon-produkta kan øydeleggje evna huda har til å danne pigment, og er klassifiserte som potensielt kreftframkallande.

Stoffet kan gi akutte allergireaksjonar, og dessutan auka risiko for hudsjukdom (okronose). Hydrokinon var inntil 2001 den meste vanleg brukte aktive ingrediens i hudbleikjemiddel. Sjølv om hydrokinon er forbode i kosmetiske produkt (med unntak av kunstige negler, profesjonell bruk) så er det framleis å finne i hudbleikjemiddel på den norske marknaden.

Glukokortikoider

Glukokortikoider er eit steroidhormon som blir produsert i binyreborken, og finst i ei rekkje reseptpliktige legemiddel, og blir m.a. nytta til behandling av eksem og hudsjukdommen psoriasis. Glukokortikoider som betametason (steroidmedisin) kan gjere huda tynnare og meir fotosensitiv (lysømfintleg), ved sida av ei heil rekkje andre biverknader.

Tilsyn av hudbleikjemiddel

Mattilsynet undersøkjer med nokre års mellomrom ev førekomst av ulovlege og helsefarlege stoff i hudbleikjemiddel på den norske marknaden – til dømes som del av tilsynskampanjar.

Merking

Innhaldsstoffa i kosmetiske produkt i EU/EØS skal vere deklarert i ingredienslista, men vil ikkje alltid vere det. Har ikkje produktet ei ingrediensliste, så er produktet av den grunn forbode.

Undersøkingar Mattilsynet har gjort viser at det finst ei rekkje kvikksølvhaldige hudbleikjemiddel på marknaden, utan at det står noko om kvikksølv på pakningen. Det same gjeld for produkt med hydrokinon.