Skip to main content

Den ernæringsmessige og fysiologiske effekten av kosttilskotet

Kosttilskott skal ha ein ernæringsmessig og/eller ein fysiologisk effekt.

Publisert

Ernæringsmessig effekt betyr den verknaden vi får frå næringsstoff som for eksempel vitamin og mineral, aminosyrer og feittsyrer. Næringsstoffa kan vere tilsette eller finnast naturleg i produktet.

Fysiologisk effekt er når dei normale funksjonane og prosessane til kroppen blir påverka, til dømes ein spesifikk verknad på vekt, beinbygning, hud, hår, negler, og så bortetter.

Kosttilskott skal innehalde vitamin, mineral, andre stoff eller ingrediensar i tilstrekkeleg mengd til å kunne påverke kroppen ernæringsmessig og/eller fysiologisk.