Til hovedinnhold

Import av økologiske varer frå tredjeland

Alle vareparti av økologiske landbruksvarer og næringsmiddel frå land utanfor EØS-området skal kontrollerast ved import.

Publisert

Felles for både animalske og vegetabilske økologiske produkt er at det trengst eit økologisertifikat (certificate of inspection – COI) i tillegg til annan dokumentasjon. Det er eit krav om at importør melder forventa innkomst av varepartiet seinast ein arbeidsdag før framkomst. Slik melding skal gjerast i Traces.​ Slik behandlar du elektroniske sertifikat i TRACES

Mattilsynet godkjenner importsertifikatet (COI) før varepartiet kan omsetjast som økologisk. I tillegg til dokumentasjonskontrollen i Traces blir det gjennomført risikobasert identitets- og fysisk kontroll av eit risikobasert utval av økologiske vareparti. Mattilsynets risikovurdering er avhengig av vare, importør, eksportør, land og kontrollorgan. Dette er felles for både animalske og vegetabilske økologiske produkt. ​

Det er krav om kontroll av økologiske produkt over grensekontrollstasjon når tilsvarande ikkje-økologiske produkt er grensekontrollpliktige. For grensekontrollpliktige økologiske vareparti skal heile økologikontrollen og generell grensekontroll bli gjennomført på grensekontrollstasjon.​Økologiske vareparti som ikkje er grensekontrollpliktige, kan kontrollerast av Mattilsynet når varepartiet kjem til førstemottakar, men før varepartiet kan omsetjast som økologisk.​

I økologiregelverket er det regulert frå kva tredjeland økologiske produkt kan importerast, og kva kontrollorgan og styresmakter som kan kontrollere slike produkt.

Regelverk

Økologiforskriften