Til hovedinnhold

Krav til dataene som leverast til Matvaretabellen

Vi kan ta imot både analyseverdiar og berekna verdiar, men det er viktig at du presiserer kva for verdiar som er analysert og kva for verdiar som er berekna.

Fagleg oppdatert

Vi ønsker òg informasjon om kva for næringsstoff som er berika. På sikt planleggjer vi å publisere informasjon om kva for matvarer som er berika på matvaretabellen.no.

Tal på næringsstoff 

I utgangspunktet må du levere data for alle næringsstoffa i Matvaretabellen, sjå vedlegget nedst i artikkelen med oversikt over næringsstoffa. Vi har nokre presiseringar: 

  • Energigjevande næringsstoff: Vi treng data om alle energigjevande næringsstoff (feitt, protein, karbohydrat, kostfiber, ev alkohol).
  • Karbohydrat: Vi bereknar karbohydrat som summen av stivelse og sukkerartar, og treng difor verdiar for stivelse og sum sukkerartar, ikkje for sum karbohydrat.
  • Feitt og feittsyrer: Vi treng data om totalfeitt, sum metta feitt, sum enumetta feitt og sum fleirumetta feitt, og dei femten utvalte enkeltfeittsyrene som står nemnt i vedlegget nedanfor. Dersom matvara ikkje har feitt som viktigste energigjevande næringsstoff, kan vi godta at nokre av enkeltfeittsyrene manglar.
  • Vitamin og mineral: Vi kan godta opp til fem manglande verdiar for vitamin og/eller mineral.
  • Vitamin A: Vi berekna vitamin A som summen av retinol + 1/12 betakaroten. Vi treng difor verdiar for retinol og betakaroten, ikkje for sum vitamin A.
  • Næringsstoff som ikkje er naturleg til stades i ei matvare, slik som vitamin B12 i grønsaker, er det ikkje behov for å levere data for. 

Krav til oppdatering av eksisterande verdiar i Matvaretabellen 

Dersom du ønsker å oppdatere næringsstoffverdiane i eksisterande matvarer i Matvaretabellen, treng vi oppdaterte verdiar for alle relevante næringsstoff. Det vil seie at dersom innhaldet av eit næringsstoff er endra, vil det truleg påverke innhaldet av andre næringsstoff, noko som òg må oppdaterast. Unntak frå dette kravet er dersom saltverdien er endra, men ikkje resten av næringsstoffa. 

Vår kvalitetssikring av dataene 

Vi vurderer dei innsendte dataene, og gjev tilbakemelding om kva data som blir tekne med eller ikkje i forkant av publisering. Vi tek òg kontakt med dykk dersom vi har behov for meir informasjon.