Til hovedinnhold

Spørsmål og svar om Matvaretabellen

Svar på vanlige spørsmål om Matvaretabellen.

Fagleg oppdatert

Kvifor finn eg ikkje matvarene eg ser etter i Matvaretabellen? 

Utvalet av matvarer i Matvaretabellen vert større for kvart år. Ei matvare vert først aktuell for Matvaretabellen når ho har vore ei stund på marknaden og har fått ei etablert brukargruppe. Det må òg vere tilgjengelege data av god kvalitet om innhald av næringsstoff for dei fleste næringsstoffa som er i Matvaretabellen.

Det er dyrt å analysere matvarer for alle næringsstoffa i Matvaretabellen. Produsentar har sjeldant tilgjengelege verdiar for alle næringsstoff. Analysedata og prøveuttak må òg vere av god nok kvalitet. Det er difor mange faktorar som gjer at utvalet av matvarer i Matvaretabellen ikkje er større enn det er. 

Kor finn eg informasjon om innhald av vitamin K i mat?  

Vitamin K er førebels ikkje inkludert i Matvaretabellen. Dei siste åra har likevel vitamin K blitt analysert i analyseprosjekt tilknytta Matvaretabellen. Sjå resultat i analyserapportane. 

Enkelte andre matvaretabellar har verdiar for vitamin K (K1 og/eller K2), til dømes:

Fakta om vitamin K i matvarer 

Vitamin K er eit feittløyseleg vitamin som finst i to former i matvarer: Mest som vitamin K1 (fyllokinon) og i mindre mengder i enkelte matvarer som vitamin K2 (sum av menakinon). 

K1-forma finst i planter og dannast ved fotosyntese. Gode kjelder til vitamin K1 er grøne bladgrønsaker som brokkoli og spinat, og raps-, soya- og olivenolje.  

K2-forma dannast av bakteriar i mage- og tarmkanalen hos dyr og ved gjæring av grønsaker. Difor er det særleg mykje vitamin K2 i gjæra soyabønner (natto). Det er òg noko vitamin K2 i kjøt- og meieriprodukt. 

Begge formene for vitamin K finst i animalske produkter, men i små mengder. Blant animalske produkt inneheld lever og visse mogna oster mest vitamin K2. 

Kva er skilnaden på einingane kcal og kJ? 

Energiinnhald i matvarer kjem som både kcal og kJ. Den internasjonalt vedtekne eininga for energi i SI-systemet (Système International d'Unités) er joule (J). 

  • 1 kJ = 0,239 kcal 
  • 1 kcal = 4,184 kJ 

Sidan mange framleis brukar kaloriar, finn du energiinnhaldet både som kilojoule (kJ) og som kilokaloriar (kcal) i Matvaretabellen. 

Kvifor er det ikkje fleire næringsstoff i Matvaretabellen? 

Utvalet av næringsstoff i Matvaretabellen er basert på kva næringsstoff som det finst offisielle, norske anbefalingar for (PDF, helsedirektoratet.no). Det er ei svært ressurskrevjande oppgåve å leggje til nye næringsstoff. 

Difor er det ikkje per no planar om å leggje til fleire næringsstoff. I dei årlege analyseprosjekta til Matvaretabellen inngår sukkerartar (mono- og disakkarid) og fleire former for vitamin K. 

Resultat frå prosjekta er tilgjengelege i rapportserien Analyser av næringsstoffer i matvarer.

Kor ofte blir matvarene i Matvaretabellen oppdatert? 

Matvaretabellen blir oppdatert ein gong i året, men alle matvarene blir ikkje oppdatert kvart år. Matvarene blir oppdatert når nye data om innhaldet av næringsstoffer er tilgjengelege, enten nye analysedata, nye låneverdiar eller dersom oppskriftsbaserte matvarer er rekna ut på nytt. 

Kvifor er summen av metta, einumetta og fleirumetta feittsyrer i Matvaretabellen lågare enn innhaldet av feitt? 

Feittsyrer utgjer som regel 90-95 % av feittinnhaldet. Resten av feittet er først og fremst glyserol, men òg noko kolesterol, plantesterol og fosfolipid. I enkelte matvarer kan innhaldet av desse andre feittstoffa vere høgare enn 5-10 %. 

Kvifor er det skilnad på innhaldet av karbohydrat i ei matvare mellom Matvaretabellen og andre kjelder? 

Det er vanleg at det er noko variasjon i innhaldet av næringsstoff i ei matvare mellom ulike kjelder. For karbohydrat kan det i nokre tilfelle vere skilnad mellom Matvaretabellen og andre kjelder. 

Skilnaden i innhaldet av karbohydrat skuldast ofte ulike måtar å definere/rekne ut karbohydrat på. I Matvaretabellen er karbohydratinnhaldet lik summen av sukkerartar og stivelse. 

Andre kjelder kan bruke andre definisjonar. Ofte blir karbohydrat rekna ut ved differanse. Utrekning ved differanse vil seie det som blir igjen når summen av vatn, protein, feitt, alkohol, fiber og oske i 100 g matvare er trekt frå. Ein karbohydratverdi basert på differanse kan bli noko høgare enn verdiar rekna ut som summen av sukkerartar og stivelse, sidan andre udefinerte stoff òg kan inngå. 

Kva er skiljet mellom feit og mager fisk? 

Skiljet mellom feit og mager fisk er sett ved 5 gram fett per 100 gram fisk. Feit fisk omfattar laks, aure, kveite, makrell, sild og ål, medan torsk, sei, rødspette, steinbit, sik og uer er døme på mager fisk.