Bekymringsmelding

Dette melder du her:

  • Er du blitt sjuk av noko du har ete eller drukke?
  • Har du oppdaga dyr som lider?
  • Manglande merking eller feilmerking av allergener?

Akutt sjukt dyr

Gjeld meldinga di eit akutt sjukt dyr eller skada dyr, kontakt veterinærvakta i kommunen. (Sjå din kommune sine nettsider eller Gule Sider).


Eigarlaust dyr eller påkøyrd dyr

Gjeld meldinga di eit eigarlaust eller påkøyrd dyr eller ein laus hund, kontakt politiet på telefon 02800.
 

Alvorleg dyrevernsak

Kan det ikkje vente til neste arbeidsdag, kontakt Mattilsynets beredskapsvakt på telefon 22 40 00 00.
 

Alvorleg smittsam dyresjukdom

Kontakt Mattilsynets beredskapsvakt på telefon 22 40 00 00.


Sjå også:

Oversikt over bekymringsmeldinger om dyrevelferd


Kvar skjer, eller skjedde dette?

Kjenner du ikke nøyaktig adresse, må du forklare så godt som du kan korleis vi kan finne staden i feltet "andre opplysningar".
Dersom du ikkje har fylt ut adresse, må du beskrive adresse nærmare her.

Kven er det som varslar?

Du vel sjølv om du vil vera anonym. Dersom du skriv namnet ditt, vil den du varslar om som hovudregel ha rett til å få vita namnet ditt dersom han eller ho ber om det. Dersom du skriv namnet ditt, kan det vera enklare å følgja opp saka. Les meir om dette nedanfor.

Vedlegg

Filnamn:
Dersom du har eit bilete eller anna dokument som inneheld tilleggsopplysningar, kan du laste det opp her. Det må vere gif, jpg, png, bmp eller pdf.
Bruk dette skjemaet dersom filene er store.

    NB! Gjeld dette ein alvorleg dyretragedie som bør handsamast straks, må du kontakte beredskapsvakta til Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00.

    Meldingar via internett vert handsama i kontortida. Mattilsynet følgjer opp alle tips om dyr

    • Vi vurderer kva som er rett og hensiktsmessig oppfølging.
    • Vi vurderer karakter og alvor i meldinga. Vi får bekymringsmeldingar om alt frå tilhøve som ikkje er i strid med regelverket til svært alvorlege brot på dyrevelferdsregelverket.
    • Meld alltid frå til oss dersom du kjem over tilhøve som du trur kan vera lidelse for dyr. Ofte dreg vi på inspeksjon etter slike tips, medan andre gonger vert ikkje inspeksjon vurdert som rette tiltak frå vår side der og då. Kanskje vi kjenner sake og har den under kontroll.

    Kva skjer vidare no?

    • Meldinga vert handsama i kontortida av distriktskontoret nærmast det postnummeret som du har registrert.
    • Meldinga vert registrert i Mattilsynets offentlege journal. Har du varsla som privatperson, vil namnet ditt ikkje synast. Har du varsla anonymt, vil sjølvsagt den du melder om ikkje få vita kven du er.
    • Dersom andre krev å få sjå meldinga, vert dette vurdert etter reglane i offentleglova.

    Hugs: Du vert ikkje rekna som part i saka sjølv om du har sendt oss melding. Vi har ikkje høve til å orientere deg om den vidare saksgangen.