Innmelding av døde produksjonsdyr


Publisert 22.08.2012 | Sist endret 14.07.2016

Melding om døde dyr gjeld for følgjande artar og alder:

  • Døde storfe over 4 år
  • Døde sauer og geiter over 18 månader
  • Døde hjort over 12 månader

Aldersgrensene over gjeld ikkje når dyret har endringar i åtferd eller har mista evna til å bevege seg naturleg. Er årsaka ukjend, skal Mattilsynet ta prøve uansett alder. Meld difor frå til Mattilsynet som vil vurdere tilfellet og behovet for å ta hjerneprøve. Ta i slike tilfelle kontakt med Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00.

Bruk skjemaet under for å varsle Mattilsynet om eit dødt dyr. Skjemaet har to sider. Felt merka med stjerne må fyllast ut. Meldinger blir behandla etter reglane i Forvaltningsloven, Offentleglova og Personopplysningsloven.

Sjå eventuelt Forskrift om bekjempelse av dyresjukdommer for meir informasjon.

Dette melder du her:

  • Er du blitt sjuk av noko du har ete eller drukke?
  • Har du oppdaga dyr som lir?
  • Manglande merking eller feilmerking av allergen?

Første steg av utfyllinga:

Dersom du skriv eit gyldig produsentnummer, kan du klikke på "hent data" for å fylle ut namn og adresse automatisk. Vi finn ikkje produsentnummeret.
Du kan likevel fortsetja utan å fylle inn dette nummeret.
Neste side har eit felt for kvar dyret er å finna.

Om du skriv eit gyldig postnummer, kan du klikke på "hent data" for å fylle ut poststad, kommune og fylke automatisk.