Til hovedinnhold

Parfymestoff i kosmetiske produkt kan gi allergiske reaksjonar

Bruk av parfyme og parfymerte produkt kan gi allergi. Dei mest allergiframkallande midlane må merkast, men både andre stoffar og kryssallegi kan føre til allergiske reaksjonar.

Publisert

Bruk av parfyme og parfymerte produkt kan gi allergi. Parfymeallergi blir rekna som utfordrande, fordi parfymar kan bestå av svært mange komponentar. Dette gjer det vanskeleg å finne ut kva stoff ein er allergisk mot. Vidare er det ikkje lett å unngå den bestemde komponenten i produkt, som vanlegvis er merkte med "parfum" eller "aroma".

Spesielt allergiframkallande parfymestoff må merkast

I dag er det merkeplikt for 24 parfymestoff som er spesielt allergiframkallande. Det betyr at dei som importerer, produserer eller sel kosmetikk med desse stoffa, må sørge for at produkta er merkte med at det inneheld stoffet. 

Etter krav i kosmetikkforskrifta skal desse stoffane navngis i ingrediensliste på produktet hvis konsentrasjonen er over 0,01 % i produkt som skyldast av, og over 0,001 % i andre produkt (vedlegg III). Hvis eit produkt inneheld ei parfymeblanding skal produktet både deklarerast med stoffet/stoffane, i tillegg til begrepa «parfum» eller «aroma».

Ein skal oppgi parfymestoffa med eit namn frå ei standardliste, INCI.

Les meir om INCI og kvar du kan leite opp namna.

Du finn lista over dei 24 stoffa nedst på denne sida. Eit parfymestoff kan vere allergiframkallande sjølv om det ikkje står på lista.

EU har bestemt at det skal bli påbode å merke 56 nye parfymestoff som har vist seg å vere allergiframkallande.

Nye regler for merking av parfymeallergener samt endringer i reguleringen av CMR-stoffer i kosmetikk og kroppspleieprodukter

Allergi kan komme av fleire forhold

Kryssallergi kan også oppstå ovanfor andre produkt med parfymekomponentar, til dømes såpe, vaskemiddel og oppvaskmiddel.

Både naturlege og syntetiske stoff kan gi allergi, men den hyppigaste årsaka til allergi er naturlege ekstrakt, både økologiske og ikkje-økologiske.

Jo lengre produktet blir verande på huda, jo større er risikoen for allergi. Produkt som kremar, lotion, deodorantar og parfyme inneber større risiko enn produkt som blir skylde av etter bruk.

Desse stoffa må merkast

Dette er lista over INCI-namn (namn som skal stå på produktet) på parfymestoff som blir rekna som særleg allergiframkallande:

  • Alpha-isomenthyl ionone #90
  • Amyl cinnamal #67
  • Amylcinnamyl alcohol #74
  • Anise Alcohol #80
  • Benzyl Alcohol #45
  • Benzyl benzoate #85
  • Benzyl cinnamate #81
  • Benzyl salicylate #75
  • Benzylideneheptanal = amyl cinnamal (#67)
  • Cinnamal #76
  • Cinnamyl alcohol #69
  • Citral #70
  • Citronnellol #86
  • Coumarin #77
  • Eugenol #71
  • Evernia Furfuracea #92
  • Evernia Prunastri #91
  • Farnesol #82
  • Geraniol #78
  • Hexyl cinnamal #87
  • Hydroksycitronellal #72
  • Isoeugenol #73
  • Limonene #88
  • Linalool #84
  • Methyl 2-octynoate #89

Regelverk

Forordning (EF) 1223/2009