Kosmetikk og allergi


Publisert 20.09.2006 | Sist endret 14.04.2015
Kvinnehender som holder ansiktskrem.
Parfymestoff i kosmetiske produkt kan utløyse allergiske reaksjonar.  Foto: iStockphoto

Kosmetikkallergi er eit helseproblem. Relativt mange av dei stoffa som blir brukte i kosmetiske produkt kan i tilstrekkelege mengder utløyse allergiske reaksjonar. Spesielt er det fokus på parfymestoff.

Vitenskapkomiteen til europakommisjonen har peikt ut 26 (sjå tabell) parfymestoff som spesielt tvilsame. Kosmetikkforskrifta krev at dei skal nemnas i ingredienslista på produktet dersom konsentrasjonen er høgare enn visse nivå (over 0,01 % i produkt som blir skylde raskt av, eller over 0,001 % i andre produkt). Vedtaket er innførd som ei hjelp til forbrukarar som veit at dei er allergisk mot eitt eller fleire av desse stoffa. Desse personane kan ved hjelp av denne rettleiinga unngå slike produkt.

Mattilsynet har tatt i mot fleire spørsmål på om det er mogeleg å skilje mellom dei 26 stoffa når det gjeld evne til å utløyse allergi. Dette er eit område der det skjer mykje forsking og der kriteria for rangering ikkje er avklart. Ein skal derfor vere forsiktig med å rangere stoffa. Parfymeindustrien (IFRA) har gitt retningslinjer som gir ein peikepinn for nokre av stoffa. Tabellen viser dei 26 stoffa ved standardiserte namn som vert nemnde i ingredienslista. For nokre av stoffa viser den også den mengda IFRA meiner ikkje må overskridast for å hindre allergiske reaksjonar.

INCI-navn (navn som deklareres)Maksimalt innhold i produkter som ikke skylles raskt av (ppm)
Alpha-isomenthyl iononeIkke fastsatt
Amylcinnamyl alcoholIkke fastsatt
Anise AlcoholIkke fastsatt
Benzyl AlcoholIkke fastsatt 
Benzyl benzoateIkke fastsatt 
Benzyl cinnamateIkke fastsatt 
Benzyl salicylateIkke fastsatt 
BenzylideneheptanalIkke fastsatt 
Butylphenyl methylpropional2500
Cinnamal500
Cinnamyl alcohol4000
CitralIkke relevant
CitronnellolIkke fastsatt
CoumarinIkke fastsatt
Eugenol500
Evernia Furfuracea1000
Evernia Prunastri1000
FarnesolIkke relevant
GeraniolIkke fastsatt
Hexyl cinnamalIkke fastsatt
Hydroksycitronellal10 000
Hydroxyisohexyl 3- Cyclohexene Carboxaldehyde15 000
Isoeugenol200
LimoneneIkke relevant
LinaloolIkke relevant
Methyl 2-octynoate100

Fant du det du lette etter?