Til hovedinnhold

Velferd for dyr i konkurransar

Du som trenar dyr og bruker dei i konkurransar, skal behandle dyra godt og verne dei mot unødvendige belastingar i samband med aktiviteten. 

Publisert

Ansvaret kviler først og fremst på deg som trenar dyra og deltear med dyra i konkurransar. Men arrangørar og behandlarar skal også bidra til dyrevelferda. Det gjeld mellom anna reglar om at dyra

  • er i stand til å gjennomføre aktiviteten utan å bli utmatta eller skadd
  • ikkje blir dopa
  • ikkje blir påført frykt, skade eller unødvendige belastingar
  • ikkje blir trena til eller blir brukt i kampar mot andre dyr eller mot menneske

Dyrevelferdskontrollør og stemneveterinær

Arrangørane skal utnemne dyrevelferdskontrollørar og stemneveterinærar til å føre kontroll med dyrevelferda i konkurransar for hest og hund.

Les meir om stemneveterinærar

Kravet om stemneveterinær gjeld berre i såkalla høgintensive konkurransar. Kva konkurransar det er, står i forskrift om velferd for hest og hund i konkurransar § 3, sjå under "Regelverk".

Regelverk

Dyrevelferdsloven

Forskrift om velferd for hest og hund i konkurranser