Til hovedinnhold

Varsle om mishandling eller alvorleg vanstell av dyr

Du skal varsle Mattilsynet dersom nokon

  • er valdelege eller brutale mot dyra
  • ikkje gjer dyra nok fôr eller vatn
  • ikkje gjer sjuke eller skadde dyr forsvarleg behandling
  • har latt dyra vere igjen aleine i hjelpelaus tilstand
  • har svært skitne eller ustelte dyr
  • held dyra på stader som er farlege, svært skitne eller av andre årsaker er heilt ueigna for dyra
  • har dyra ute utan å gje dei tilgang til opphaldsrom. Dette gjeld ikkje
    • storfe, sau, geit, hest, lama og alpakka i beitesesongen
    • oppdrettshjort og tamrein

Ring om det er akutt

Er det akutt fare for at dyr døyr eller lir mykje, ring Mattilsynet på 22 40 00 00.

Ring også dersom eit stort tal ville eller forvilla dyr er utsett for store eller uvanlege lidingar.

Send bekymringsmelding dersom det ikkje er akutt

Send oss ein skriftleg bekymringsmelding med så konkret informasjon du kan. Då vil vi sjå på saka og kva vi må gjere.