Til hovedinnhold

Privat import av planter og frø

Skal du handle planter på nett eller på utlandstur, eller ta med deg planter i flyttelass frå utlandet, må du vere sikker på at det blir gjort i samsvar med regelverket som gjeld for slik import.

Publisert

Innhald på denne sida

  1. Kva er eit plantesunnheitssertifikat?
  2. Melding til Mattilsynet
  3. Mottakskontroll
  4. Plantar og frø og anna som det er forbode å importere til Noreg

Du som privatperson kan ikkje utan vidare ta med deg planter og andre smitteberande emne, som for eksempel jord, plantedelar og tre frå utlandet inn i Noreg.

Ved import av planter, plantedelar, jord, frø, frukt og grønsaker, er det ein risiko for at det kan følgje med uønska planteskadegjerarar som blindpassasjerar. Disse skadegjerarane kan være insekt, virus, bakteriar og andre organismar, som har eit potensiale til å gjere stor skade på plantene våre, både i jordbruket, skogbruket og naturen. I Noreg har vi derfor eit strengt regelverk som skal sikre ei god plantehelse i landet vårt. Dette avgrensar kva ein kan importere og korleis.