Skip to main content

Skjønnheitspåstandar

Påstandar om hud, hår og negler blir ofte kalla skjønnheitspåstandar, eller beauty claims på engelsk.

Publisert

Påstandar som ikkje kan definerast som anten ein ernæringspåstand eller ein helsepåstand, fell utanfor virkeområdet til påstandsforordninga.

Bruk av påstandar som ikkje er regulerte i påstandsforordninga, må vere i tråd med føresegnene i matinformasjonsforordninga. Forordninga definerer både kva ein "påstand" er og kva ein "helsepåstand" er.

Ein påstand er definert som "ethvert budskap eller enhver framstilling som ikke er obligatorisk i henhold til Fellesskapets regelverk eller nasjonal lovgivning, herunder bilder, grafikk eller symboler uansett form, som angir, antyder eller gir inntrykk av at næringsmiddelet har særlige egenskaper".

Ein helsepåstand er definert som "enhver påstand som angir, antyder eller gir inntrykk av at det er en sammenheng mellom en næringsmiddelgruppe, et næringsmiddel eller én av dets bestanddeler og helse".

Påstandar om skjønnheit kan falle i tre kategoriar

Ut frå definisjonane over, er påstandar som seier noko om skjønnheit anten

  • ein lovleg helsepåstand
  • ein ulovleg helsepåstand
  • ein påstand som ikkje er omfatta av virkeområdet for påstandsforordninga, og derfor skal følgje god opplysingspraksis

Dette må avgjerast konkret frå sak til sak.

EU-kommisjonen har godkjent nokre få påstandar om hud, hår og/eller negler. Fleire enn 300 søknader om hud, hår eller negler er avslått. Desse godkjenningane og avslaga er lista i EUs register over godkjende og avslåtte påstandar, og kan vere nyttig rettleiing i vurderinga av påstandar om skjønnheit.

Regelverk

Forskrift om ernærings- og helsemessige påstander i næringsmidler, artikkel 2

Forskrift om matinformasjon til forbrukerne, artikkel 7