Krav til produksjon av kjæledyrfôr med animalske biprodukt

Det er laga ein rettleiar som beskriv dei viktigaste reglane som gjeld for produksjon av fôr til kjæledyr der det blir nytta animalske biprodukt.

Publisert

I motsetning til i fôr til matproduserande dyr kan ein bruke rått animalsk materiale som berre er kjølt eller frose, i fôr til kjæledyr. Fôret skal likevel vere trygt og eigna for dyra, og det skal ikkje utgjere ein risiko for folke- eller dyrehelsa.

For å sikre dette stiller regelverket for animalske biprodukt ei rekke krav til systemet i verksemda. Regelverket stiller  også materielle krav til råstoffa, prosessen og sluttproduktet. Produksjonsanlegg som framstiller fôr til kjæledyr, må også vere godkjende av Mattilsynet som kjæledyrfôranlegg.

Systemkrav

Systemkrav betyr at verksemda må bygge opp eit kvalitetssystem eller eit eigenkontrollsystem. Dette systemet skal beskrive anlegget, utstyret og aktivitetane for verksemda. Det er blant anna viktig at verksemda kan dokumentere opphavet til og behandlinga av kvart produkt (kvar batch) som blir levert. Viss det oppstår feil eller reklamasjonar, kan verksemda finne ut kva som har gått gale, og dei kan endre rutinane sine, slik at det same problemet ikkje oppstår igjen.

Systemkrava omfattar

  1. grunnføresetnader
  2. fareanalyse og kritiske kontrollpunkt (Dette er HACCP)

Godt arbeid med grunnføresetnadene reduserer behovet for å identifisere farar og kontrollere dei i prosessane for verksemda. Viss grunnføresetnadene blir handterte godt, vil det hindre at farar når verksemda.

Materielle krav

Regelverket stiller krav til råstoff, prosess og produkt. Desse krava blir kalla materielle krav. Det er ulike krav til rått og behandla kjæledyrfôr, men alt animalsk materiale som blir brukt, skal vere i den lågaste risikokategorien (kategori 3-materiale).

Sjå kapittel 5 om materielle krav i rettleiaren Krav til produksjon av kjæledyrfôr som benytter animalske biprodukter.

Tilsyn

Alle kjæledyrfôranlegg kan forvente uventa tilsyn frå Mattilsynet. Da bruker vi denne sjekklista: Tilsynsmal – kjæledyrfôranlegg.