Mattilsynets hovudprioriteringar innan animaliebiprodukt i 2026
I 2026 vil Mattilsynet prioritere å oppdatere rettleiing til biogass- og kompostanlegg, og vi skal kartlegge avfallsforbrenningsanlegg og andre relevante anlegg i samband med beredskap. Mattilsynet skal også kartlegge og rettleie bransjeorganisasjonar og aktørar innanfor bearbeidingsanlegg, biogassanlegg og kompostanlegg som handterer animalske biprodukt.
I tillegg vil Mattilsynet som vanleg utføre løpande oppgåver som å sakshandsame søknader, oppfølging av bekymringsmeldingar og oppfølginga av generelle førespurnader. Mattilsynet må prioritere ressursar der sannsynet for regelbrot og konsekvensane av desse er størst.
Oppdatert rettleiing til biogass- og kompostanlegg
Mattilsynet skal oppdatere rettleiing til biogass- og kompostanlegg, slik at det er lettare å forstå krava.
Kvifor planlegg Mattilsynet å prioritere dette i 2026?
Aktørar skal på ein enkel måte forstå krava til bruk av råstoff og til hygienisering i biogass- og kompostanlegg.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Vi vil prioritere å lage rettleiing på eit utval av tema:
- lage forståeleg oversikt over bruk av råstoff og hygieniseringskrav
- presisere om det er unntak eller krav til hygienisering av husdyrgjødsel
- presisere at gardsbiogassanlegg må søke om godkjenning dersom dei brukar animalske biprodukt, og når gardskomposteringsanlegg må søke om godkjenning
- rettleie om hygienekrav til aktuell aktivitet
Kva betyr dette for deg, og kva kan verksemda di forvente?
Vi har allereie mykje informasjon på nettsidene våre, men dersom du held på med desse aktivitetane, kan du forvente at vi har oppdatert rettleiing om tema gitt over.
Kartlegging av avfallsforbrenningsanlegg og andre relevante anlegg
Mattilsynet skal kartlegge avfallsforbrenningsanlegg og andre relevante anlegg som kan ta inn animalske biprodukt særleg knytt til beredskap, og bidra til at desse kjenner krava.
Kvifor planlegg Mattilsynet å prioritere dette i 2026?
I Mattilsynet jobbar vi kontinuerleg med beredskap. Vi prioriterte dette i 2025, men vi ser vi må fortsette. Vi opplever utfordringar med kor kadaver og gjødsel kan bli avhenda i ulike typar dyrehendingar. Vi ønsker derfor å fortsette å kartlegge moglegheiter avfallsforbrenningsanlegg og eventuelt andre anlegg har til å forbrenne slikt materiale.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Mattilsynet kontaktar forbrenningsanlegg for å få oppdatert informasjon om kva anlegga kan ta imot. Mattilsynet gir rettleiing til forbrenningsanlegg om krava som gjeld animalske biprodukt.
Mattilsynet etablerer dialog med statsforvalter (og andre etatar) om kadaverhandtering og gjødsel i samband med dyrehendingar.
Kva betyr dette for deg, og kva kan verksemda di forvente?
Dersom du har eit avfallsforbrenningsanlegg eller eit anna anlegg for handtering av kadaver/gjødsel, kan du forvente at Mattilsynet kontaktar deg. Vi kjem også til å ha dialog med andre etatar.
Kartlegging av bransjeorganisasjonar og aktørar innanfor bearbeidingsanlegg, biogassanlegg og kompostanlegg
Bransjeorganisasjonar og aktørar innanfor bearbeidingsanlegg, biogassanlegg og kompostanlegg som handterer animalske biprodukt, skal kartleggast. Mattilsynet skal gjennomføre rettleiingsmøter ved behov og gjennomføre enkelte revisjonar.
Kvifor planlegg Mattilsynet å prioritere dette i 2026?
Vi ønsker å få betre oversikt over bransjeorganisasjonar, fordi dette kan medføre at vi kan nå ut til fleire i bransjen på same tid.
Særleg biogassbransjen er i sterk vekst. Vi får mange spørsmål, og vi vurderer at det er viktig at dei får god rettleiing når dei lurer på krav i regelverket.
Revisjonar gjennomfører vi med visse frekvensar hos enkeltverksemder eller konsern, og i 2026 vil vi revidere nokre bearbeidingsanlegg.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Vi skaffar oss oversikt over aktørar. Vi gjennomfører rettleiingsmøter og revisjonar med aktuelle aktørar.
Kva betyr dette for deg, og kva kan verksemda di forvente?
Bransjeorganisasjonar innanfor tema nemnd over, kan forvente at vi tar kontakt. Vi vil velje ut nokre bearbeidingsanlegg for revisjon.