Nasjonale mål for vatn og helse

Noreg har nasjonale mål for vatn og helse, som saman med regel­verk gir rettleiing om arbeidet med å levere trygt og nok drikke­vatn. Dei nasjonale måla gir oppgåver til vassverks­eigarane og til kommunar.

Fagleg gjennomgått

Kommunar og vassverks­eigarane må fylgje opp områda som er fastsett som nasjonale mål og som er særleg viktige, for eksempel beskyttelse av drikkevass­kjelder, leveringstryggleik og utbetring av vassrøyr. Det er også satt mål for offentlege avløps­system og avløps­reinsing. Dei fleste kommunar leverer både vatn- og avløps­tenester.

Dei nasjonale måla blei reviderte og vedtatt i februar 2024, saman med ein ny gjennomførings­plan som går på tvers av sektorar. Måla konsentrerer seg om område der det er rom for og viktig med forbetring eller endring. Gjennomførings­planen beskriv tiltak for å nå måla.

Målsettingane er bygde opp slik:

  • Måla er tematisk formulerte for å angi kva ein ynskjer å få til på eit overordna nivå.
  • Indikatorane er valde for å gjere det mogleg å vurdere status og om ein har nådd måla.
  • Kriteriet for om ein har nådd måla, er konkretiseringa av måla, og er nivået for når eit mål er nådd. I tilfelle der kriteria blir innfridde, kan ein vurdere å endre kriteriet mens målet blir uendra – med mindre målet ikkje lenger er hensiktsmessig.

Utdrag frå målsettingane i Nasjonale mål for vatn og helse

Det er satt 25 nasjonale mål for vatn og helse, dette er måla 1 – 14, som handlar om drikkevatn.

  1. Ingen skal bli sjuke av drikkevatnet.
  2. Drikkevatn skal ikkje ha mikrobiologiske avvik.
  3. Drikkevatn skal ikkje ha kjemiske og sensoriske avvik.
  4. Alle vassførekomster med uttak av drikkevatn skal vere beskytta mot forureining.
  5. Kommunal samfunns­planlegging skal sikre innbyggarane trygt drikkevatn, og drikkevass­omsyn skal vere ivaretatt i arealplanlegginga.
  6. Kommunane skal ha heilskaplege planer og tiltak som ser vatn, avløp og arealbruk i samanheng.
  7. Drikkevassforsyningar skal ha vass­behandling som er tilpassa variasjonar i vass­kvaliteten.
  8. Lekkasje av drikkevatn skal reduserast.
  9. Distribusjonssystemet for drikkevatn skal fornyast, ikkje forfalle.
  10. Det skal ikkje vere uventa brot i drikkevass­forsyninga.
  11. Kommunane sine overordna risiko- og sårbarheits­analyser skal ta vare på tryggleiken i drikkevassforsyninga.
  12. Kommunen sitt beredskaps­planverk skal sikre alternativ drikkevass­forsyning for alle, om nødvendig gjennom samarbeid.
  13. Befolkninga skal få informasjon om drikkevatnet dei får levert.
  14. Vassførekomstar skal ha god kjemisk og økologisk tilstand.

Revidering av måla blei initiert og leia av Helse- og omsorgsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet.

Les meir og sjå alle dei 25 måla og gjennomføringsplanen: Nasjonale mål for vann og helse med gjennomføringsplan (regjeringen.no)