PFAS i drikkevatn
Drikkevassforskrifta krev at vassverkseigarar kartlegg og vurderer behovet for å redusere konsentrasjonen av PFAS i det ferdige drikkevatnet.
PFAS ei forkorting for per- og polyfluoralkylstoff. Det er per i dag meir enn 10 000 PFAS-ar.
1. januar 2026 blei det innført grenseverdi for sum 4 PFAS (summen av PFOA, PFNA, PFHxS og PFOS) i drikkevatn i Noreg. Grenseverdien er på 4 ng/l.
Det er viktig at vassverkseigarar kjenner til status på overvaking for PFAS og har oppdatert kunnskap om kor PFAS kan påvisast.
For vassverkseigarar kan det vere nyttig å ta kontakt med eit laboratorium og bransjeorganisasjonar, som Norsk Vann, for meir informasjon om prøvetaking og analysar.
I EUs reviderte drikkevassdirektiv er det lagt inn ein grenseverdi på 100 ng/l for summen av 20 PFAS. I EU blei denne grenseverdien gjeldande frå 12. januar 2026. Det reviderte drikkevassdirektivet må bli inkludert i EØS-avtalen og tatt inn i den norske drikkevassforskrifta før denne grenseverdien blir gjeldande i Noreg. Det er derfor foreløpig ikkje kjent når grenseverdien for 20 PFAS blir gjeldande i Noreg.