Omsyn til drikkevatn
Planen må legge til rette for å kunne etablere nok og trygt drikkevatn gjennom vassforsyningar som innfrir krava i drikkevassforskrifta.
Følgande må derfor komme fram gjennom skildring og føresegner i reguleringsplanen:
- Det må vere avklart kva løysingar for vassforsyning planområdet skal ha. Løysinga må sikre både nok og trygt drikkevatn. Planen må innehalde ei langsiktig og heilskapleg løysing for vatn, avløp og overvasshandtering for eksisterande og nye tiltak.
- Felles vassforsyning er eit mål. Der det ikkje allereie er vassforsyning til planområdet, bør det greiast ut for fellesløysingar for drikkevassforsyning. Løysingane bør, når det er aktuelt, sjåast i samanheng med vassforsyninga i tilgrensande planområde.
- Viss tiltaka i planområdet skal koplast på eksisterande vassforsyning, må det vere avklart at vald vassforsyning kan levere nok og trygt drikkevatn til både eksisterande og nye tiltak. Nok vatn til sløkkevatn må også vurderast.
- Ved behov for etablering av ny vassforsyning, eller ved behov for større endringar i eksisterande vassforsyning, skal dette vere plangodkjent av Mattilsynet før utbygging startar.
- Drikkevassanlegg og installasjonar knytt til vassforsyning, (større leidningar, drikkevassbasseng, viktige trykkaukestasjonar og liknande) i planområdet, må vurderast med omsyn til behov for omsynssoner med føresegner.
- Det må vere avklart om det er vassforsyningar, inkludert kjelder og nedbørsfelt, i planområdet. Dette må planen sikre gjennom omsynssoner med føresegner. Både eksisterande og framtidige kjelder må takast omsyn til. Bruk rett omsynssone for råvasskjeldene og dei tilhøyrande tilsigsområda. Hensynssone H110 (nedslagsfelt drikkevatn) skal brukast der vasskjelda er overflatevatn med tilsigsområde, og H120 (område grunnvassforsyning) der vasskjelda er grunnvatn med tilsigsområde.
- Val av avløpsløysingar har betyding for sikringstiltak og plassering av vasskjelder, og må derfor vere utgreidd i planen.
- Det bør lagast nødvendige føresegner og rekkefølgekrav i planen for å sikre at tilfredsstillande vassforsyning og leidningsnett er på plass før bygging startar.
- Det bør komme fram i planen korleis eigarskap av vass- og avløpsanlegg skal vere. Sjå lov om kommunale vass- og avløpsanlegg.
Lista er ikkje uttømmande, og alle punkt er ikkje aktuelle i alle reguleringsplanar.