Mattilsynet fører tilsyn med dyrehelsepersonell
Veterinærar, dyrepleiarar og fiskehelsebiologar er definerte som dyrehelsepersonell i regelverket.
Tilsyn med dyrehelsepersonell er risikobasert. Vi vurderer bekymringsmeldingar vi får og avgjer kva saker vi skal prioritere å behandle vidare. Vi prioriterer saker med systematiske feil som kan få store konsekvensar for fleire dyr og/eller dyrehelse og folkehelse. Ved tilsyn med dyrehelsepersonell som jobbar med akvatiske dyr, har Mattilsynet særleg fokus på ikkje-medikamentell behandling (IMM) og legemiddelforskriving.
Mattilsynet skal i 2025 prioritera tilsyn med dyrehelsepersonell ved å få oversikt over veterinærars forskrivingspraksis av antimikrobielle middel og følge opp avvik. Når Mattilsynet fører tilsyn med dyrehelsepersonell, undersøkjer vi om terapitilrådingane blir etterlevde. Ved avvik frå terapiantilrådingane vil Mattilsynet bruka verkemiddel for å bidra til at terapiantilrådingane blir følgde. Høgt kvalifiserte dyrehelsepersonell har bidrege til restriktiv bruk av antimikrobielle middel, men det er viktig at det gode arbeidet fortset.
Mattilsynet kan rettleie om regelverket eller gi pålegg om endring av rutinar for å sikre regelverksetterleving. Alvorlege, omfattande eller gjentatte regelverksbrot kan medføre at dyrehelsepersonellet får ei åtvaring.
Dyrehelsepersonellova gir også Mattilsynet heimel til å fråta dyrehelsepersonell rekvireringsretten, avslå søknad om lisens eller trekkja autorisasjonen, heilt eller delvis, i svært alvorlege saker.
Mattilsynet kan rettleie om regelverket eller gi pålegg om endring av rutinar for å sikre regelverksetterleving. Alvorlege, omfattande eller gjentatte regelverksbrot kan medføre at dyrehelsepersonellet får ei åtvaring.
Dyrehelsepersonellova gir også Mattilsynet heimel til å fråta dyrehelsepersonell rekvireringsretten eller autorisasjonen, heilt eller delvis, i svært alvorlege saker.