Medhjelpar etter dyrehelsepersonellova – kort forklart
Ein medhjelpar er ein person som utfører oppgåver på vegner av ein veterinær etter instruksjon og under tilsyn. Det kan vere dyreeigaren eller anna personell. Veterinæren som bruker medhjelpar, har ansvaret for at vedkommande er kvalifisert, og for at oppgåva blir utført forsvarleg.
Ein medhjelpar kan ikkje overlate oppgåva til ein tredjepart som veterinæren ikkje har instruert eller har tilsyn med.
Det er enkelte behandlingsformer og oppgåver som er reserverte for veterinærar. Desse er nedfelte i dyrehelsepersonellova og gjeld når ein skal
- behandle dyr som det er grunn til å tru er angripen av smittsam sjukdom eller som har sjukdom der behandlinga krev veterinærmedisinsk kunnigheit
- bruke undersøkings- og behandlingsmetodar som krev spesiell kunnigheit i samband med diagnostisering, førebygging og behandling av sjukdom hos dyr. Til slike metodar reknar vi operative inngrep, injeksjonar og anna perforering av hud eller slimhinne.
- setje fullstendig eller lokal bedøving
- bruke reseptpliktige legemiddel til behandling av dyr
- utføre kjøttkontroll
Dette er ikkje til hinder for at veterinæren kan bruke medhjelpar til enkelte behandlingar.
Ot.prp. nr. 52 (2000-2001). Om lov om veterinærer og annet dyrehelsepersonell
Kva inneber forsvarleg bruk av medhjelpar?
Dyreeigaren kan behandle eigne dyr med legemiddel rekvirert av veterinær når behandlinga skjer etter instruksjonen frå veterinæren og som ein del av eit behandlingsopplegg veterinæren har initiert for det aktuelle individet / dei aktuelle individa. Dette krev instruksjon, men ikkje skriftleg avtale.
Veterinæren skal
- gjere klinisk undersøking
- stille diagnose
- starte behandling
Veterinæren kan også nytte medhjelpar til andre oppgåver så framt medhjelparen har nødvendig kompetanse og blir instruert og underlagt tilsyn av veterinæren. Dette gjeld rutinemessige, førebyggande tiltak uavhengig av sjukdomsteikn.
Eksempel på oppgåver som kan overlatast til medhjelpar
Medhjelparen kan utføre nokre rutinebehandlingar, for eksempel
- enkelte vaksinasjonar
- enkelte parasittbehandlingar
- jernbehandling
Behandling ved besetningsproblem
Slik behandling kan bli overlate til medhjelparen i tidsavgrensa periodar, så framt det er avtalar og rutinar som sikrar kontrollen til veterinæren. Eksempel er
- halesår hos slaktegris
- leddbetennelsar hos sped- og smågris
- enkelte luftvegslidingar
Parallelt med behandling med legemiddel skal det bli sett i verk undersøkingar for å avdekke den grunnleggande årsaka til besetningsproblemet. Det skal også bli sett i verk førebyggande tiltak for å løyse dei problema som blir avdekte. Dersom tiltaka ikke har løyst besetningsproblemet innan utløpet av avtaleperioden, kan avtalen bli forlenga.
Krav til veterinæren ved bruk av medhjelpar
Instruksjon og tilsyn
Instruksjon skal vere skriftleg. Veterinæren må vurdere kompetansen til medhjelparen og risikoen ved oppgåva.
Det er alltid veterinæren som har det faglege ansvaret.
Skriftleg avtale
For besetningsbehandlingar skal avtalen vere
- tidsavgrensa
- aktivt følgd ;opp
- følgd av legemiddelrekneskap
Journalføring
Plikta til journalføring omfattar også tilfelle der ein medhjelpar blir nytta, og skriftlege avtalar skal inngå som del av journalføringa. Legemiddel skal som hovudregel føreskrivast ved resept, og det er da ikkje krav om ytterlegare rapportering til Veterinært legemiddelregister (VetReg). Dersom veterinæren sjølv lèt etter seg legemiddel, har hen plikt til å rapportere dette.
Behandling som ikkje skal overlatast til medhjelpar
Behandlingar som inneber særleg helse- og dyrevelferdsmessig risiko, skal bli utførte av veterinæren.
Eit eksempel er bruk av oksytocin ved fødsel. Dette medfører risiko for
- ruptur av uterus
- tap av avkom (navlestrengsbrot, placentaløysing)
- smerte/ubehag
- redusert placentasirkulasjon
- uterustetani ved feil dosering
Derfor er det berre forsvarleg at medhjelparen gir oksytocin som oppfølgande behandling etter at veterinæren har gjort si eiga undersøking og starta behandlinga.
Bruk av hormonpreparat som progesteron eller tilsvarande til brunstsynkronisering, embryoimplantasjon m.m. hos produksjonsdyr er underlagt særskilde reglar som inneber at behandlinga ikkje kan utførast av medhjelpar. Veterinæren skal utføre dette.
Bruk av antibiotika i høge AMEG-kategoriar (B og C) (AMEG – The Antimicrobial Advice ad hoc Expert Group) skal heller ikkje bli overlate til ein medhjelpar. Dette skal behandlast ekstra strengt og berre i unntakstilfelle der det er dokumentert behov.
Oppdatert kategorisering av antibiotika til dyr
Categorisation of antibiotics for use in animals for prudent and responsible use (ema.europa.eu)