Unngå import av drøvtyggarar til Noreg
Det viktigaste tiltaket for å unngå at blåtunge kjem til landet, er å ikkje innføre dyr som kan vere smitta. Mattilsynet oppfordrar husdyreigarar til ikkje å importere sau, geit, ku, hjort, elg og rådyr.
Dersom det blir innført eit dyr som er i smittefasen, vil sviknott i Noreg kunne få i seg smitte og spreie denne vidare. Produsentar som vurderer å innføre drøvtyggarar og kameldyr, blir oppfordra til å tenke nøye gjennom risikoen dette medfører.