Overvakingsprogram for Paratuberkulose 2021
- Sammendrag
Mattilsynet har sidan 1996 gjennomført eit overvakingsprogram/nasjonalt kartleggingsprogram for paratuberkulose for storfe. Lama og alpakka blei inkludert i overvakinga i 2000, geiter i 2001 og sau i 2002. Formålet med denne overvakinga er å dokumentere fråvær av denne sjukdommen.
I overvakingsprogrammet for 2021 blei det ikkje påvist paratuberkulose i nokon av prøvene som blei undersøkte.
- Kva blei undersøkt?
Det blei tatt avføringsprøver av storfe og kameldyr (lama og alpakka).
- Tidsrom
- Hele året
- Kva leita vi etter?
Vi leitar etter bakterien som forårsakar paratuberkulose, Mycobacterim avium subsp. paratuberculosis. Paratuberkulose er ein kronisk bakteriell tarminfeksjon. Drøvtyggarar og kameldyr er spesielt utsette for sjukdommen, men også andre dyreartar kan smittast. Det finst inga behandling mot sjukdommen.
- Kva fann vi?
I programmet for 2021 blei avføring frå 931 storfe og 259 kameldyr undersøkte for paratuberkulose. Det blei ikkje påvist paratuberkulose i nokon av desse prøvene.
Heile rapporten kan du lese her: Paratuberkulose hos storfe, sau, geit og kamelidar (vetinst.no)