Ulike former for rabies
Vi skil mellom klassisk rabies og flaggermusrabies.
Klassisk rabies (hundegalskap)
Rovdyr som hund, rev og mårhund fungerer som smittespreiarar og er reservoar for viruset. Alle varmblodige dyr er mottakelege for sjukdommen. Rabies er utbreidd i store delar av verda. I Europa førekjem sjukdommen i Aust-Europa, men er elles uvanleg. Klassisk rabies er ikkje påvist hos dyr på Fastlands-Noreg, men rabies har vore påvist hos dyr på Svalbard i 1980 og sist i 2011.
For å hindre at sjukdommen spreier seg til Noreg, er det krav om at hundar og kattar som blir innførte til Noreg er vaksinerte mot sjukdommen. Det er svært viktig at alle hunde- og katteeigarar følgjer vaksinasjonsreglane ved reiser med kjæledyr.
Ved mistanke om rabies hos eit dyr må veterinær tilkallast, og det må gjerast tiltak for å hindre smittespreiing. Dette inneber at dyret blir stengt inne og ikkje har kontakt med andre dyr eller menneske.
Flaggermusrabies
Flaggermusrabies er ein virussjukdom som primært finst hos flaggermus. Virus som forårsakar flaggermusrabies, skil seg noko frå hundegalskap-viruset. Sjukdommen førekjem sporadisk hos flaggermus i Europa, og blei for første gong påvist i Noreg hos ei vassflaggermus i Valdres, oktober 2015.
Flaggermusvirus smittar sjeldan til andre dyreartar, og smitterisikoen til menneske blir rekna som svært låg. Mattilsynet tilrår likevel at ein ikkje tar på sjuke eller døde flaggermus.
Personar som handterer flaggermus mykje, og som dermed risikerer å bli bitne, bør få ein førebyggjande vaksine. Sjølv personar som er vaksinerte mot rabies, bør kontakte lege etter å ha blitt bitne.
Dersom hundar eller kattar har ete eller hatt annan smittefarleg nærkontakt med flaggermus, bør dyreeigar ta kontakt med veterinær.