Til hovedinnhold

Ansvaret for ville dyr

Finn ut kven som har ansvar for kva når det gjeld ville dyr i Noreg.

Publisert

Du har ansvaret for ville dyr du handterer

Viss du handterer ville dyr, er dyra si helsa og velferd ditt ansvar.

Det er ikkje lov å halde ville dyr som kjæledyr, eller å halde dei i fangenskap over tid. Dette er fordi ville dyr er tilpassa eit liv i det fri, og ikkje har god velferd i fangenskap.

Du må hjelpe ville dyr som er sjuke eller skadde

Dette gjeld både viss du har skada dyret sjølv, for eksempel ved å køyre på det, og viss du finn eit dyr som er sjukt, skada eller hjelpelaust: Når du har kjørt på et dyr eller finner et dyr som trenger hjelp

Du kan òg sjå Miljødirektoratet si rettleiing Hjelpe sykt eller skadet vilt (miljodirektoratet.no)

Mattilsynet fører tilsyn og kartlegger tilstanden hos ville dyr

Mattilsynet fører tilsyn med om regelverket for dyrevelferd og dyrehelse for ville dyr blir følgt. Slik avsluttar og førebygger vi liding hos dyr.

Saman med Miljødirektoraret og Veterinærinstituttet kartlegg og overvaker Mattilsynet dyrehelsa og dyrevelferda hos ville dyr.

Kommunane forvaltar hjortevilt

Det er kommunane som forvaltar hjortevilt i Norge. Å forvalta vilt betyr å bestemme kor mykje vilt ein ønsker å ha, og å syte for å auke eller minske bestanden (talet på dyr) for å nå målet.

Kommunane lagar mål for bestandane av elg, hjort og rådyr, og forvaltar artane blant anna gjennom å tildele jaktkvoter. Reglane for korleis kommunane skal forvalte viltet står i hjorteviltforskrifta, viltlova og naturmangfaldlova.

Kommunen har òg ansvar for at skrottar frå hjortevilt blir framstilte til offentleg kjøtkontroll i Mattilsynet for eventuelt å bli godkjente til humant konsum. Kommunen kan velje å gi denne oppgåva til  nokon andre.

Det er forbudt å fôre hjortevilt, som for eksempel rådyr, men Mattilsynet kan gi unntak i nokre tilfelle.