Dyr med beitebehov skal få beite
Mange dyreartar har naturleg behov for å vere ute og beite. Mange dyreartar har naturleg behov for å vere ute og beite. Dyrehaldarane har plikt til å halde slike dyr på beite i det som er normal beiteperiode i området og for dyrearten. Når dyra er på beite, får dei ete ferske plantar, bevege seg fritt, ha sosial kontakt og utøve stimulerande og naturleg aktivitet.
Beiteplikta følger av dyrevelferdslova § 3 og § 23 første leddet og forskriftene om dyrevelferd.
Dyra kan beite på innmark og i utmark. For at området skal vere eit fullgodt beite må det vere tilgjengeleg plantar og lav der, som dyra kan ete. Det skal ikkje vere nødvendig å fôre dyr på beite, men dyra skal ha tilleggsfôr om det likevel er nødvendig.
Sau og geit
Sauer og geiter skal vere på beite i minst 16 veker. Dyra kan haldast på beite kortare enn 16 veker om det er nødvendig for å verne dei mot farar. Dyr som ikkje kan haldast i utmark på grunn av farane der, skal i staden haldast på innmark for å oppfylle påbodet om 16 vekers beite.
Storfe
Storfe skal vere på beite i minst 8, 12 eller 16 veker. Lengda er betinga av om dyra blir haldne i lausdrift (8 veker) eller bunde på bås (12 eller 16 veker etter kor i landet dyra beitar). Påbodet om beite gjeld ikkje ukastrerte oksar.
Hest
Hestar skal kunne beite eller i alle fall ha moglegheit for mosjon utandørs kvar dag. Det er fastsett minstetid per dag for hestar i boks og spiltau.
Kameldyr
Lama, alpakka og andre kameldyr skal også kunne få dekt behovet for å beite. Etter Mattilsynets oppfatning skal alpakka, lama og andre kameldyr ha like lang beitetid som sauer og geiter, altså minst 16 veker.
Tamrein og andre hjortedyr
Tamrein og andre hjortedyr skal også beite. Det skal dei normalt ha rikeleg høve til, sidan desse dyra blir haldne i naturen året rundt. Å halde individ av hjortedyr utan at dyret får beite, vil vere i strid med dyrevelferdslova § 23.
Regelverk
Dyrevelferdsloven § 3 og § 23
§ 3. Generelt om behandling av dyr
§ 23. Dyrs levemiljø
Kilde: Lovdata.no
Småfeholdforskriften § 24
§ 24. Mosjon, uteområdet og klima
Kilde: Lovdata.no
Storfeholdforskrifen § 10
§ 10. Mosjon og beite
-
a. 16 uker dersom beiteområdet ligger i sonene 1–4 -
b. 12 uker dersom beiteområdet ligger i sonene 5–7.
Kilde: Lovdata.no
Hesteholdforskriften § 22
§ 22. Mosjon
Kilde: Lovdata.no