Dyra skal vere eigna for beite

Dyrehaldaren skal sikre at kvart dyr som blir sleppt på beite, er friskt, tilstrekkeleg utvikla og i godt nok hald til å kunne tilpasse seg livet på beite på ein dyrevelferdsmessig forsvarleg måte. Tilstanden til dyra skal ikkje i seg sjølv utgjere ein fare for unødige belastningar. Plikta følger av dyrevelferdslova § 3, § 22 og § 23 og av forskriftene om dyrevelferd.

Publisert

Dette er særleg viktig når dyra skal beite i utmark. Dyra skal vere så robuste at dei er i stand til å leve godt i naturen under akseptable omstende. Om dyret ikkje er robust nok, skal dyrehaldaren vente med eller avstå frå å sleppe det på utmarksbeite. Dyra bør da heller gå på innmarksbeite og eventuelt sleppast på utmarksbeite når dei er robuste nok.

Dyra skal vere tamme når dei blir sleppte og haldne tamme på beitet. Det er nødvendig for å kunne føre godt tilsyn med dyra og sanke dei inn utan store vanskar. Dyra kan derimot med fordel vere skye overfor andre enn dyrehaldaren.

Dyr som er under eit halvt år gamle, er som regel ikkje robuste nok til å bli sleppte på beite utan å vere saman med eit mordyr eller eit anna vakse dyr. Avkommet må vere i god stand til å følge det vaksne dyret på beitet. 

Regelverk

  1. Dyrevelferdsloven § 3, § 22, § 23 og § 24
  2. Småfeholdforskriften § 4, § 6 og § 25
  3. Storfeholdforskriften § 4 og § 6
  4. Hesteholdforskriften § 4
  5. Produksjonsdyrholdforskriften § 8