Dyrehaldaren skal føre godt tilsyn med beitedyra

Dyrehaldaren skal føre godt tilsyn med beitedyra. Det er fastsett i dyrevelferdslova § 24 og forskriftene om dyrevelferd. Godt tilsyn er ein føresetnad for at dyrehaldaren skal kunne vurdere om noko må gjerast, og eventuelt kva som må gjerast for å verne og hjelpe beitedyra.

Publisert

Dyr på innmark skal ha dagleg tilsyn.

Dyr i utmark skal som hovudregel ha tilsyn etter behov og minst éin gong i veka. Vekevis tilsyn er ikkje mogleg for tamrein i utmark, men dei skal etter omstenda ha så godt tilsyn som mogleg.

For å føre eit godt nok tilsyn må dyrehaldaren oppsøke dyra og undersøke korleis dei har det. Dyrehaldarane må finne og komme så nær beitedyra at dei kan vurdere om dyra er sjuke, skadde, avmagra, skremte eller morlause.

Dyrehaldarane må også undersøke omgivnadene for å kunne vurdere om dei inneber fare for belastningar. I tillegg må dyrehaldarane leite etter døde beitedyr.

På innmark må dyrehaldaren sjå kvart beitedyr på relativt nært hald i løpet av tilsynsrunden. Dyr som viser teikn på belastning eller skade, skal dyrehaldaren fange inn og undersøke nærmare.

I utmark er det som regel ikkje mogleg å sjå alle beitedyra i løpet av ein tilsynsrunde, og i alle fall ikkje på nært hald. Dyr som dyrehaldaren berre ser eller høyrer på lang avstand, må dyrehaldaren prøve å observere med kikkert eller ved hjelp av anna utstyr.

Dyr som dyrehaldaren ikkje finn på éin tilsynsrunde i utmarka, skal dyrehaldaren prøve å finne på neste tilsynsrunde. Om dyrehaldaren sannsynlegvis ikkje vil klare å føre godt tilsyn med alle dyra i løpet av beitesesongen, bør dyrehaldaren utstyre eit tilstrekkeleg tal sauer med GPS-sendar («radiobjøller») eller bruke drone. 

Dyrehaldarane skal føre eit hyppigare, nærmare og grundigare tilsyn enn vanleg når risikoen for belastningar aukar. I utmarka skal dyrehaldaren ved auka risiko føre tilsyn to eller om nødvendig fleire gonger i veka.

Sida er ein del av denne rettleiinga: