Til hovudinnhald
  1. The page is not available in English
    English homepage
  • Drikkevannsforsyning
  • Dyr
  • Alt om dyr og dyrehold
  • Dyrehelsepersonell
  • Dyrevelferd
  • Kjæledyr, konkurransedyr og hobbydyr
  • Produksjonsdyr
  • Dyrehelse og dyresykdommer
  • Forsøksdyr
  • Jakt og vilt
  • Fisk og akvakultur
  • Alt om fisk og akvakultur
  • Brønnbåt og annan transport
  • Fiskehelse og fiskesykdommer
  • Oppdrettsanlegg
  • Rensefisk
  • Slakting av fisk
  • Eksport av levende fisk med mer
  • Kosmetikk og kroppspleieprodukter
  • Mat og drikke
  • Alt om mat og drikke
  • Eksport av mat og drikke
  • Smitte frå mat og drikke
  • Matproduksjon
  • Merking av mat
  • Salg og servering av mat
  • Råd og advarsler til forbrukere
  • Startpakke for nye matbedrifter
  • Planter og dyrking
  • Alt om planter og dyrking
  • Tømmer, trelast og treemballasje
  • Plantevernmidler
  • Produksjon og omsetning
  • Økologisk landbruk
  • Planteskadegjørere
  • Gjødsel, jord og dyrkingsmedier
  • Plantesortar
  • Genmodifiserte produkter
  • Frø, såkorn og annet planteformeringsmateriale
  • Meld fra til Mattilsynet
  • Om Mattilsynet
  • Jobbe i Mattilsynet
  • Kontakt oss
  • Skjema
  • Regelverk
  • Godkjente virksomheter
  • Veiledere
    1. The page is not available in English
      English homepage
    1. Heim
    2. Dyr
    3. Dyrevelferd
    4. Dyrevelferd på beite
    5. Dyrehaldaren skal hjelpe beitedyra

    Dyrehaldaren skal hjelpe beitedyra

    Dyrehaldaren skal sørge for at sjuke, skadde, avmagra, morlause og hjelpelause beitedyr får forsvarleg behandling eller anna nødvendig hjelp.

    Publisert
    20.12.2024

    Dyra skal avlivast viss det er nødvendig. Dette gjeld både når dyrehaldaren sjølv finn dyra, og når dyrehaldaren får melding om det frå andre som har funne dei. Plikta til å hjelpe eigne dyr følger av dyrevelferdslova § 3 og § 24 første ledd bokstav b og forskriftene om dyrevelferd.

    Turgåarar og andre som finn sjuke, skadde eller hjelpelause beitedyr, har også hjelpeplikt. Ifølge dyrevelferdslova § 4 kan dei hjelpe dyra ved å kontakte dyrehaldaren. Dyrehaldarar med dyr på beite, bør sørge for at folk i området kan finne namn, adresse og telefonnummer til dyrehaldarar som har dyr på beite.

    Sjuke og skadde dyr skal ha nødvendig førstehjelp på staden. Viss dyret har brekt bein eller har andre alvorlege skadar, skal dyrehaldaren avlive det. Dyrehaldaren bør ha med både førstehjelpsutstyr og avlivingsutstyr, og hen skal ha kompetanse til å bruke begge delar forsvarleg.

    Morlause dyr skal om mogleg takast med heim viss dei ikkje klarer seg like godt utan mordyr.

    Dyr som står fast, eller er hjelpelause på andre måtar, skal ha nødvendig hjelp. Viss dyra er vanskeleg tilgjengelege, skal dyrehaldaren skaffe nødvendig assistanse for å berge eller avlive dyra.

    Sida er ein del av denne rettleiinga:

    • Dyrevelferd på beite

    Fann du det du leita etter?

    Om nettstedet

    Nyhetsbrev

    Personvern og informasjonskapsler

    Tilgjengelighetserklæring (uustatus.no)

    Åpne data (API)

    Om Mattilsynet

    Kontakt oss

    Ledige stillinger

    Om oss

    Varsle oss